Tilleggsfinansiering av Marie Curie-stipend

Marie Curie Actions er eit program for mobilitet og karriereutvikling for forskarar i EU, og Norge er med i programmet på lik linje med EU-landa. Det blir lyst ut stipend både for erfarne forskarar og PhD-stipend til yngre forskarar, men stipenda blir tildelt etter faste satsar som ikkje er i samsvar med norske lønns- og kostnadsnivå. For å gjere stipenda meir attraktive for helseføretaka, vil Helse Vest bidra med finansiering av mellomlegget mellom EU-sats og lønnsnivå for innreisande kandidatar.

Følgjande presiseringar gjeld:

Helseføretak og private, ideelle institusjonar med avtale med Helse Vest​ som får tildelt eit stipend gjennom Marie Curie Actions kan søkje om å få dekt mellomlegget mellom EU-sats og lønnsnivå for innreisande kandidat.

Ordninga er avgrensa til å gjelde ITN-stipend og individuelle stipend i Marie Curie Actions.

Det kan søkjast om inntil 300 000 kroner frå Helse Vest for å finansiere mellomlegget. Det må gjerast greie for tildelt beløp og planlagt lønnsnivå for stipendiaten i søknadsskjemaet.

Det kan søkjast om å få finansiert mellomlegg for heile stipendperioden, inntil 3 år.

Søknadskjema

Det er kontinuerlig utlysing:

Søknadsskjema - Marie Curie tillegg

Søknadsskjema sendes til forskning@helse-vest.no

Vurdering og tildeling

Søknadane blir gjennomgått administrativt av samarbeidsorganet sitt sekretariat. Tildelinga blir fatta av fagdirektøren i Helse Vest. Dersom søknaden har mangelfulle opplysningar og/eller vedlegg, vil ikkje tilleggsfinansiering bli tildelt.

Søknadsbeløpet (inntil kr. 300 000,-) kan bli justert ned dersom totalsummen for stipendet er høgare enn Helse Vest sine satsar for doktorgradsstipend og postdoktorstipend.

Ved eventuell tildeling

Midlane skal brukast til lønn med sosiale utgifter og til drift av prosjektet, og stipendiaten skal tilsetjast ved søkarinstitusjonen (helseføretaket / den private, ideelle institusjonen). Midlane skal handterast og rekneskapsførast av helseføretaka i regionen eller private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest.

​Det er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakaren og rekneskapsinstitusjonen vil bli varsla når rapporteringa skal gjennomførast.

Finansiering av mellomlegget kjem i tillegg til påskjøningsmidlar for EU-prosjekt.​​​