Tilleggsfinansiering i Noregs forskingsråd

Helse Vest vil bidra med 15 prosent tilleggsfinansiering av større satsingar / senter/prosjekt finansiert av Forskingsrådet (NFR) i helseføretaka / dei private, ideelle institusjonane med avtale med Helse Vest. SFF, SFI og Fyrtårnsprosjekt er eksempel på slike store satsingar/senter/prosjekt.

Tilskotet blir gitt som eit årleg kontanttilskot basert på aktiviteten som blir finansiert av Forskingsrådet, etter søknad frå helseføretaket / den private, ideelle institusjonen.​ Det kan også søkjast om 15 prosent tilskot av midlar som er tildelt helseføretaka/private, ideelle institusjonar som følgje av at helseføretaket / institusjonen er partnar i store senter ved andre institusjonar (for eksempel der helseføretak / private, ideelle institusjonar er partnar i store satsingar / senter / prosjekt leia av universiteta).

Følgjande presiseringar gjeld:

  • Det må søkjast årleg om tilleggsfinansiering for store prosjekt / satsingar / senter forankra i helseføretaka / dei private, ideelle institusjonane med avtale med Helse Vest. Tildeling blir gitt for eitt år av gongen.
  • Ved tildeling blir det tatt utgangspunkt i rekneskapsførte (innbetalte) midlar i helseføretaket / den private, ideelle institusjonen. Midlar som er utbetalt til andre institusjonar i lys av at helseføretaket er leiar av senteret / satsinga må trekkjast frå. Informasjon om rekneskapsført beløp skal leggjast inn i søknadsskjemaet og godkjennast av rekneskapssjef og fagdirektør / forskingssjef i helseføretaket / institusjonen.
    • Ved eventuell negativ rapportering til NIFU, kan tildelinga frå Helse Vest bli justert ved eit seinare tildelingsår.
  • Merk at tilleggsfinansieringa er avgrensa til å omfatte NFR-midlar som gir utteljing i Helse- og omsorgsdepartementet sitt målesystem for forskingsaktivitet i helseføretaka og som utgjer meir enn 500.000 årleg til helseføretaket / institusjonen frå Forskingsrådet. Sjå ytterlegare presisering under. Andre store prosjekt / satsingar / senter som KG-Jebsen og liknande kan ikkje søkje om tilleggsfinansiering.
    • Det blir ikkje utbetalt tilleggsfinansiering for mindre prosjekt finansiert av Forskingsrådet. Beløpsgrensa for tildeling av tilleggsfinansiering er sett til 75 000. Det vil seie at det ikkje blir utbetalt tilleggsfinansiering for prosjekt der den rekneskapsførte aktiviteten tildelt frå Forskingsrådet er under 500 000 kroner det aktuelle året. Forskingsrådsmidlar som blir brukt og rekneskapsført i helseføretaka som følgje av at helseføretaka er partnar i prosjekt / senter / satsingar ved andre institusjonar kan også søkje om 15 prosent tilskot. Beløpsgrensa for tildeling er også her sett til 75 000 kroner.
  • Midlane blir tildelt søkjarinstitusjon ved lokal prosjektansvarleg etter søknad frå helseføretaket / den private, ideelle institusjonen.

Søknadsprosess

Midlane blir tildelt etter årleg søknad frå institusjonen (helseføretak / privat, ideell institusjon). Det skal sendast inn eitt skjema per institusjon med oversikt over alle NFR-prosjekt / satsingar / senter det blir søkt om tilleggsfinansiering for.

Søknadsskjema-tilleggsfinansiering NFR

Utfylt skjema skal sendast via e-post til forskning@helse-vest.no, Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking.

Søknadsfrist

Det må søkjast om tilleggsfinansiering seinast innan 1. juni året etter at midlane er rekneskapsført (innbetalt) i helseføretaket. Skjemaet kan først sendast inn når årsrekneskapet er avslutta. Eksempel: For midlar rekneskapsført i helseføretaket i 2015 må søknadsskjema sendast innan 1. juni 2016. Det kan ikkje søkjast om tilleggsfinansiering for fleire år i gongen.

Vurdering og tildeling

Søknadane blir gjennomgått administrativt av samarbeidsorganet sitt sekretariat. Tildelinga blir fatta av fagdirektøren i Helse Vest. Dersom søknaden har mangelfulle opplysningar og/eller vedlegg, vil ikkje tilleggsfinansiering bli tildelt.

På førespurnad til sekretariatet kan det givast vilkårsbunde (betinga) tildelingsbrev. Dette kan leggjast ved søknad til NFR som stadfesting på moglegheita for tilleggsfinansiering frå det regionale helseføretaket.

Ved eventuell tildeling

Midlane skal gå til forsking, og kan brukast til både lønn og drift. Midlane skal handterast av helseføretak i regionen eller private, ideelle institusjonar som har avtale med Helse Vest. Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i søkarinstitusjonen.​

Det er rapporteringsplikt for midlane, og rapporteringa blir gjennomført i januar. Mottakar og rekneskapsinstitusjon vil bli varsla når rapportering skal gjennomførast.