Retningslinjer for korttidsstipend for fullføring av doktorgrad

​Ved søknader om korttidsstipend for fullføring av doktorgrad skal stipendiaten stå som søkjar. Kven som kan søkje følgjer same retningslinjer som for doktorgradsstipend. Ved tildeling av korttidsstipend frå Helse Vest skal stipendiaten tilsetjast ved helseføretaket søknaden kjem frå («Søkarinstitusjon»). Det kan søkjast om korttidsstipend i inntil 6 månader.

Prosjektframstilling og andre vedlegg

Det skal lastes opp to vedlegg til søknaden.

1. Prosjektframstillinga: Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).

2. Andre obligatoriske vedlegg: Vedlegga skal samlast i eit i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under "Andre vedlegg" i søknadsskjemaet.

For alle søknader gjeld:

1. Søkjaren skal leggje ved CV (anbefalt lengde 2 sider) og publikasjonsliste for siste fem år. Merk at for søknader om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.

2. Forankringsavtale dersom aktuelt (sjå kven som kan søkje forskingsmidlar.

For søknad om korttidsstipend for fullføring av doktorgrad gjeld:

3. CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for hovudrettleiar og eventuelt prosjektleiar.

4. Rettleiarerklæring frå hovudrettleiar, med ei vurdering av om doktorgraden blir ferdigstilt innan tidsramma for korttidsstipendet.


Søknader frå stipendiatar som har hatt Helse Vest-stipend vil bli prioriterte dersom det kan godtgjerast at doktorgradsprosjektet blir ferdigstilt innan tidsramma på inntil seks månader.