1. Søkjaren skal leggje ved CV
Tilrådd lengd er 2 sider. Det skal også leggjast ved liste over publikasjonar for dei siste 5 åra. Merk at for søknader om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.
Dette gjeld for alle søknader.
2.Forankringsavtale
Søkjaren skal leggje ved forankringsavtale dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.
3. Ei støtteerklæring frå søkjarinstitusjon
Det vil seie frå eit helseføretak eller privat, ideell institusjon der det kjem fram på kva slags måte kandidaten sin kompetanse og etableringsplan inngår i forskingsstrategien til institusjonen. Erklæringa skal også innehelde ei oversikt over eigenfinansiering av karrierestipendet.
Dette er obligatorisk for søknader om karrierestipend.
Nyttig informasjon til søkjarar om karrierestipend:
Retningslinjer for karrierestipend
Formål og kriterium for forskingsmidlane
Retningslinjer for søknadsvurdering