1. Søkjaren skal leggje ved CV
Tilrådd lengd er 2 sider. Det skal også leggjast ved publikasjonsliste for dei siste 5 åra. Merk at for søknader om doktorgradsstipend, er det stipendiaten som skal stå som søkjar.
Dette gjeld for alle søknader.
2. Forankringsavtale
Søkjaren skal leggje ved forankringsavtale dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.
Dette gjeld for alle søknader.
3. CV og publikasjonsliste
CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra, og for hovudrettleiar og eventuelt prosjektleiar.
Dette er obligatoriske vedlegg for søknader om doktorgradsstipend.
4. Rettleiarerklæring frå hovudrettleiar
Erklæringa skal innehalde ei vurdering av om doktorgraden blir ferdigstilt innan tidsramma for korttidsstipendiet.
Dette er obligatoriske vedlegg for søknader om doktorgradsstipend.