Vedlegg til søknader om postdoktorstipend

Vedlegga skal samlast i eit vedlegg i den rekkefølgja som er skissert nedanfor. Vedlegget skal lastast opp som eit PDF-dokument under «Andre vedlegg» i søknadsskjemaet.

1. Søkjaren skal leggje ved CV

Søkjaren skal leggje ved CV (tilrådd lengde 2 sider) og publikasjonsliste for dei siste fem åra. Merk at for søknader om doktorgradsstipend er det stipendiaten som skal stå som søkjar.

Dette gjeld for alle søknader.

2. Forankringsavtale

Søkjaren skal legge ved forankringsavtale dersom søkjaren ikkje er tilsett i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.​

Dette gjeld for alle søknader.

3. CV og publikasjonsliste

CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for hovudrettleiar.

Dette er obligatoriske vedlegg for søknader om postdoktorstipend dersom doktorgraden ikkje er avlagt på søknadstidspunktet.

4. Rettleiarerklæring

Rettleiarerklæring med vurdering av gjennomførbarhet.

Dette er obligatorisk vedlegg for søknader om postdoktorstipend dersom doktorgraden ikkje er avlagt på søknadstidspunktet.

5.​ CV og publikasjonsliste

CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for prosjektleiar og viktige samarbeidspartnarar.

Skal leggjast ved der det er aktuelt.

6. Utanlandsstipend - fråsegn frå eige fagmiljø

Det er krav om at postdoktorstipendiatar som får Helse Vest-stipend skal gjennomføre eit utanlandsopphald som varer mellom tre og tolv månada​r, jf. retningslinjene for postdoktorstipend.

Ved søknader om utanlandsstipend er fråsegn frå eige fagmiljø obligatoriske.

7. Utanlandsstipend - invitasjon frå utanlandsk fagmiljø

Det er krav om at postdoktorstipendiatar som får Helse Vest-stipend skal gjennomføre eit utanlandsopphald som varer mellom tre og tolv månada​r, jf. retningslinjene for postdoktorstipend.

Ved søknader om utanlandsstipend er fråsegn frå eige fagmiljø obligatoriske.

8. Dekning av reiseutgifter (billig​aste reisemåte)

Det kan søkjast om dekning av reiseutgifter (billigaste reisemåte). Det kan givast støtte til fleire kortare opphald og fleire tur-/returreiser for forskarar som har barn i skolealder, og som vel å reise utan barn og ektefelle/sambuar. Behovet for slike fleksible løysingar må grunnast særskilt og leggjast ved søknaden som del av «Andre vedlegg».

Skal leggjast ved der det er aktuelt.

Nyttig informasjon til søkjarar​ om postdoktorstipend:

Retningslinjer for postdoktorstipend

Retningslinjer for utanlandsstipend

Formål og kriterium for forskingsmidlene

Retningslinjer for søknadsvurdering

Fann du det du leitte etter?