Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2015

Samarbeidsorganet har 9. desember 2014 tildelt midlar til 75 av dei totalt 291 søknadane som var sendt inn innan fristen 15. september. I tillegg har det vore prosessar kring tildeling til strategiske satsingar, jf. nyheitssak om tildeling til strategiske satsingar og rusforsking.

​​​​​​​​​​​Om lag 130 millionar kroner går til å finansiere dei nye og vidareførte prosjekta med utgangspunkt i den opent utlyste prosessen med frist 15. september. I tillegg til dei nye prosjekta har 158 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering.

Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen 2015 har vore førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og har blitt godt ivareteke gjennom evalueringsprosessen leia av professor Inger Thune.

Thune, som har fleire års erfaring frå vurderingsarbeid i Helse Vest, seier at også årets søknadar er prega av gjennomgåande høg kvalitet og har god representasjon frå dei ulike helseføretaka i regionen.

– Det er spesielt kjekt å sjå at regionens forskingsmiljø får fram så mange gode kandidatar til doktorgradsstipend, sjølv om det gjer at konkurransen blir hardare. Dessverre var det i år ingen søkarar som nådde heilt opp i konkurransen om karrierestipend. Denne typen stipend er viktig for rekruttering, nyskapning og vidareføring av god forsking i regionen. Vi oppmodar dei kliniske miljøa i samarbeid med forskingsmiljøa om å fremme gode kandidatar, avsluttar Thune.

  • Sjå kven som har fått tildeling for 2015
  • ​Informasjon om søknadar på venteliste

​For dei som ikkje får tildeling er det råd å få ei grunngiving dersom ein ber om det innan 21. desember. Framgangsmåten er omtalt i Retningslinjer for søknadsvurdering  og i eigne retningslinjer for klagetilgang​ som begge er tilgjengelege på samarbeidsorganet si nettside. Retningslinjene gjeld for alle tildelingane gjennom samarbeidsorganet.

Spørsmål om årets tildeling kan rettast til forskningsmidler@helse-vest.no ​​​