Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2016

Samarbeidsorganet har 25. november 2015 tildelt midlar til 63 av dei totalt 308 søknadene som var sendt inn innan fristen 15. september.

​​Knapt 138 millionar kroner går til å finansiere dei nye og vidareførte prosjekta med utgangspunkt i den opent utlyste prosessen med frist 15. september. I tillegg til dei nye prosjekta har 159 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering.

Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen har vore førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivareteke gjennom evalueringsprosessen leia av professor Inger Thune.

Søknadene er vurderte ut frå vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte, og dei to kriteria er likeverdige. For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium for Helse Vests forskingsmidlar.

Thune, som har fleire års erfaring frå vurderingsarbeid i Helse Vest, seier at årets søknader viser at forskingsaktiviteten i Helse Vest har høg kvalitet og god fagleg breidde. Mange av ​prosjekta er karakterisert av forskingssamarbeid mellom klinikk og forskingslaboratorium.

Slike translasjonsprosjekt bidreg på ein god måte til å knytte forsking i ulike helseføretak i regionen saman, men samtidig kan det vere langt fram til klinisk kvardag. Av denne grunnen har nokre forskingsprosjekt, inkludert søknader om karrierestipend, ikkje fått støtte til tross for fagleg høg kvalitet og samarbeid med leiande internasjonale forskingsmiljø.

– Som ved tidlegare år er talet på søknader om doktorgradsstipend høg, og i år utgjer desse søknadene om lag 50 prosent av alle søknadene. Det er kjekt å sjå at forskingsmiljøet i regionen framleis får fram så mange gode kandidatar til doktorgradsstipend, sjølv om det gjer at konkurransen blir hardare. For postdoktorstipend kunne nivået på søknadene vore høgare, avsluttar Thune.

Les meir om tildelinga (lenke), PDF.

  • Sjå kven som har fått tildeling for 2016
  • Informasjon om søknader på venteliste
  • Vidareførte stipend og prosjekt

Merk! For dei som ikkje får tildeling er det råd å få ei grunngiving dersom ein ber om det innan 21. desember. E-post skal sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.

Framgangsmåten er omtalt i Retningslinjer for søknadsvurdering  og i eigne retningslinjer for klagetilgang som begge er tilgjengelege på samarbeidsorganet si nettside. Retningslinjene gjeld for alle tildelingane gjennom samarbeidsorganet.​

Fann du det du leitte etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.