Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2018

Helse Vest sine forskingsmidlar skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2017.

Helsepersonell tar blodprøve av pasient sin arm. Foto.
Foto: Kjetil Alsvik

Page in English

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend. Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som vedtek fordelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Formål og kriterium beskriv kven som kan søkje Helse Vest sine forskingsmidlar. For meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar 2018, sjå informasjon under Kven kan søkje forskingsmidlar.

Søknadsskjema

I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk. Utlysing og aktuelle retningslinjer er også tilgjengeleg på engelsk.

Lenke til søknadskjema

For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidligare, sjå presentasjon av eSøknad.

Søknadskategoriar og retningslinjer

I tillegg til dei generelle retningslinjene for Helse Vests forskingsmidlar, er det utarbeidd retningslinjer for alle søknadskategoriar. Søkjarar må setje seg inn i dei krava og råda som desse retningslinjene gir. Kva for søknadskategoriar som er aktive i denne utlysinga, kjem fram på utlysingssida.

Ver særleg merksam på følgjande:

  • Lengda på «postdoktorstipend» er avhengig av gjennomføring av utanlandsopphald. I utgangspunktet kan ein søkje om 2 ½ år, 100 % (5 år, 50 %). Dette kan utvidast med 6 eller 12 månader dersom ein gjennomfører utanlandsopphald i same lengd. Denne ordninga gjeld for postdoktorstipend tildelt frå og med 2017.
  • Maks søknadsbeløp for søknadskategorien «Open prosjektstøtte» er 1,5 mill. kroner pr. år.
  • Det er opna for tildeling av eitt «karrierestipend». Aldersgrensa for å søkje stipendet er 45 år.
  • Søknadskategorien «klinisk forskarstipend» er ny og det er opna for tildeling av fire til seks slike stipend. Det er eit krav at søkjarar har helsefagleg utdanning og er tilsett i eit føretak eller privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest. Aldersgrensa for å søkje stipendet er 50 år.
  • Dersom det skal søkast om ekstra driftsmidlar til doktorgrads- og postdoktorstipendiatar, skal dette fremjast i stipendiatsøknaden, med vedlagt erklæring frå hovudrettleiar/prosjektleiar.
  • Det er ikkje lengre høve å søkje «korttidsstipend for fullføring av doktorgrad»

Kvalitet og nytte

Søknader til Helse Vest vert vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkelig for tildeling av midlar. Dei 4 regionale helseføretaka har utarbeidd felles kriterium for kvalitet og nytte. Les meir om vurderingskriteria i Formål og kriterium.
 

Brukarmedverknad i forsking

Styret i Helse Vest RHF vedtok i april 2015 retningslinjer for brukarmedverknad. Brukarmedverknad i forsking skal gi meirverdi for forskinga gjennom å involvere brukarar i ein eller fleire deler av prosjektet. Alle søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt. Sjå meir om dette i mal for prosjektframstilling.

Obligatoriske vedlegg

Det skal lastas opp 2 vedlegg til den elektroniske søknaden: 1) Prosjektframstilling og 2) Andre vedlegg (kva for vedlegg som er påkravd her, er avhengig av søknadstype, sjå rettleiing i skjemaet).

Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved søknadsrunden 2017. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, mens nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle prosjekt/søknadstypar.

CV og publikasjonsliste er del av «Andre vedlegg». Merk at CV-en helst ikkje bør overstige to sider, sjå også forslag til CV-mal
 

Merk ellers at…

  • For søknader om doktorgradsstipend: Minst ein av rettleiarane skal vere tilsett ved eit universitet eller høgskule i regionen.
  • Personell finansiert av midlane skal tilsettast i søkjarinstitusjon.
  • Forskingsmidlane skal tildelast og handterast av regionens helseføretak og private, ideelle institusjonar (altså søkjarinstitusjonane).
  • Midlane kan berre nyttast til prosjektet det er søkt midlar til.
  • Midlane skal nyttast i tråd med tildelinga, overordna prinsipp og søkjarinstitusjonane sine retningslinjer.
  • Det kan ikkje takast dekningsbidrag av midlane.
  • Helse Vest oppmodar til publisering i open access tidsskrift. Driftsmidlar kan nyttast til å dekka kostnadar knytt til slik publisering.

Vedtak om tildeling

Fordeling av dei ope utlyste forskingsmidlane blir vedteke på Samarbeidsorganet sitt møte fredag 24. november 2017. Resultatet vil bli kunngjort på Samarbeidsorganet sin nettstad så snart som mogleg etter dette.
 
Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking om du har spørsmål.