Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2022

Forskingsmidlane til Helse Vest skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2021 kl. 23:59. Vedtak om tildeling kjem 26. november 2021.

Page in English

​Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrad- og postdoktorstipend.

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon som vedtek tildelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Søknadskategoriar og retningslinjer

Formål og kriterium beskriv kven som kan søkje forskingsmidlar frå Helse Vest. For meir informasjon om kven som kan søkje, inkludert tilgang til forankringsskjemaet som skal nyttast ved søknadsprosessen for midlar 2022, sjå informasjon under Kven kan søkje forskingsmidlar.

I tillegg til dei generelle retningslinjene for Helse Vests forskingsmidlar, er det utarbeidd retningslinjer for alle søknadskategoriar. Søkjarar må setje seg inn i dei krava og råda som desse retningslinjene gir. Kva for søknadskategoriar som er aktive i denne utlysinga, kjem fram på utlysingssida.

Vær særskilt merksam på følgjande:

  • For å kunne søkje forskingsmidlar i Helse Vest direkte (det vil seie utan forankringsavtale), må søkjar vere tilsett i minimum 20 prosent stilling i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon med avtale med Helse Vest. Det er særskilte krav for kategoriane klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend.
  • Stipendsatsane dekkjer løn og drift. Behov for driftsmidlar utover det som ligg i stipendsatsen, skal dekkast frå andre kjelder.
  • Lengda på postdoktorstipend er avhengig av gjennomføring av utanlandsopphald.
  • Øvre ramme for søknadskategorien Open prosjektstøtte er 4,5 mill. kroner over tre år.

Nytt for denne utlysinga:

  • Øvre aldersgrense for klinisk forskarstipend er fjerna. 
  • Det blir lyst ut kliniske karrierestipend, som er ein heilt ny søknadskategori. Søkjarar må vere under 50 år, (f. 1972 eller seinare).
  • Klinisk forskarstipend og klinisk karrierestipend kan vere verkemiddel for å nå måla i regjeringa sin handlingsplan for kliniske studiar.
  • Øvre ramme for søknadskategorien korttidsprosjekt er 0,5 millionar kroner.

Kvalitet og nytte​

Søknadar til Helse Vest blir vurderte ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet åleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar, les meir i Formål og kriterium.

Samarbeid i regionen vil bli vektlagt i søknadar om open prosjektstøtte.

Det er krav om brukarmedverknad i forskingsprosjekta, jf helseforetakslova § 35. Brukarmedverknad i forsking skal gi meirverdi for forskinga gjennom å involvere brukarar i éin eller fleire deler av prosjektet. Alle søkjarar skal gjere greie for eventuell brukarmedverknad i prosjektet eller kvifor dette ikkje er aktuelt. Sjå meir om dette i mal for prosjektframstilling. Manglande brukarmedverknad eller manglande utgreiing om kvifor brukarmedverknad ikkje er aktuelt vil føre til at søknaden blir lagd til side.

Forskarar som får Helse Vest sine forskingsmidlar, skal ha gjennomført kurs i brukarmedverknad​.​ Ved tildeling av midler skal forskarar årleg rapportere om brukarmedverknad.

Krav til søknadar

Sjå oversikt over årsakar som førar til avvising av søknader her

To vedlegg skal følgje den elektroniske søknaden.

  1. Prosjektframstilling. Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, mens nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle prosjekt/søknadskategori.
  2. Andre vedlegg. Kva for vedlegg som er påkravde her, er avhengig av søknadskategori. Sjå retningslinjene og rettleiing i skjemaet.​

​​Søknadsskjema 

I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk. Utlysing og aktuelle retningslinjer er også tilgjengelege på engelsk.​​

Søk om Helse Vest forskingsmidlar
​For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidlegare​, sjå presentasjon av eSøknad.​ ​

​Vedtak om tildeling

Tildeling av dei ope utlyste forskingsmidlane blir vedteke på Samarbeidsorganet sitt møte fredag 26. november 2021. Resultatet vil bli kunngjort på Helse Vest sin nettstad så snart som mogleg etter dette. Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking​ om du har spørsmål.​

Fann du det du leitte etter?