Page in english
Midlar for perioden 2020 til og med 2024 blir lysst ut med frist 3. juni 2019. Det kan søkjast om 1-4 millionar kroner årleg i 3-5 år. Det er sett av ei ramme på minimum 25 millionar kroner per år for tildeling til nye strategiske satsingar. Gitt tilstrekkeleg vitskapleg kvalitet og nytte, skal minst eitt prosjekt utgå frå eit mindre helseføretak i regionen, og minst 3 millionar skal gå til samhandlingsprosjekt.
Vedtak om tildeling av midlar blir fatta av Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon på møte den 28. november 2019.
Overordna mål og definisjon
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten, kvaliteten og nytten av forskinga. Dei utlyste forskingsmidlane skal gå til klinisk pasientretta forsking og helsetenesteforsking.
Dei strategiske satsingane skal ha eit regionalt perspektiv, og det er forventa at alle relevante miljø i regionen blir invitert med i aktivitetene til satsinga. Samarbeidsflater og dei ulike miljøa/institusjonane sine bidrag i satsinga skal synleggjerast i søknadsskjemaet. Strategiske satsingar er altså breie satsingar som skal gå utover eit vanleg forskingsprosjekt. Satsingane skal setje spor vidare og byggje nettverk og kompetanse regionalt, også utover perioden med finansiering frå Helse Vest.
Det er søkjarinstitusjonen som blir ansvarleg for satsinga, og som vil få eit særskilt ansvar for å vidareutvikle det etablerte forskingsmiljøet i regionen også etter at finansiering frå regionalt samarbeidsorgan er avslutta. Les meir i Prinsipp for strategiske satsingar
Tematikk
Helseføretaka, universiteta, høgskulen og dei private ideelle institusjonane som har avtale med Helse Vest, blei hausten 2018 invitert til å kome med forslag til nye strategiske satsingsområde. Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har på bakgrunn av desse forslaga vedteke å lyse ut midlar til strategiske satsingar innanfor følgjande område:
Helsetenesteforsking - Samhandling, pasientforløp, tverrfagleg perspektiv, implementeringsforsking
Betre helsetilbod gjennom anvendt digitalisering (bruk av digitale analyseverktøy i diagnostikk og behandling)
Integrasjon psykisk og somatisk helse
Anvendt forsking inn mot antimikrobiell resistens
Klinisk behandlingsforsking (krav om deltaking i forsking frå alle helseføretak, gitt at det finst pasientar innanfor gruppa)
Kva kan midlane nyttast til
Midlane skal nyttast til forsking. Dei strategiske midlane kan nyttast til frikjøp av klinikarar (frikjøp med inntil 50 % stilling i heile satsingsperioden), forskingsstøttepersonell, driftsmidlar og stipendiatstillingar (PhD og postdoktor). Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i eit helseføretak i regionen eller ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Kven kan søkje - forankring
Søkjaren må vere tilsett (i minimum 20%) ved eit helseføretak i regionen eller ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest.
Forankringsavtale
Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet likevel søkje dersom det føreligg ein forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon. Forankringsavtalen skal avklare korleis prosjektleiars rolle og ansvar skal handterast i styringslinja til søkjarinstitusjonane. Sjå informasjon under Kven kan søkje forskingsmidlar.
Søknadsskjema
I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk. Utlysing og aktuelle retningslinjer er også tilgjengeleg på engelsk.
For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidligare, sjå presentasjon av eSøknad (pptx).
Obligatoriske vedlegg
Det skal lastes opp to vedlegg til søknaden:
1. Prosjektframstilling
Det er utarbeidd ein felles mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved innsending av søknad om forskingsmidlar. I denne vil du finne informasjon om kva element som skal inngå i prosjektframstillinga. Prosjektframstillinga skal lastast opp som vedlegg til søknaden (PDF-dokument).
2. Andre obligatoriske vedlegg
Søkjaren skal leggje ved CV (tilrådd lengde 2 sider) og publikasjonsliste for dei siste fem åra.
Der det er aktuelt
CV og publikasjonsliste for dei siste fem åra for samarbeidspartnarar som er viktige for vurdering av forskingsmiljøet.
Forankringsavtale, dersom søkjaren ikkje er tilsett (i minst 20 %) i eit helseføretak eller privat, ideell institusjon i regionen.
Søknadsprosess
Om søknaden er innanfor tematikken i utlysinga og oppfyller retningslinjene for strategiske satsingar, blir søknaden sendt til ein ekstern vurderingskomite. Søknadar blir vurderte etter nytte og vitskapeleg kvalitet.
Merk at det er opna for at det kan bli etablert fleire satsingar under den same overordna tematikken.
Spørsmål kan rettast til forskningsmidler@helse-vest.no