Søk Helse Vests forskingsmidlar 2018

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, universiteta i Bergen og Stavanger og Høgskulen på Vestlandet lyser ut Helse Vest sine forskingsmidlar for 2018. Søknadsfristen er 15. september.

Helsepersonell tar blodprøve av pasient sin arm. Foto.
Foto: Kjetil Alsvik

​Søknadane blir vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige. Det betyr at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar. Dei fire regionale helseføretaka har utarbeidd felles kriterium for kvalitet og nytte.

I årets utlysing er det også mogleg å søkje om klinisk forskarstipend. Stipendet skal bidra til å stimulere og styrke utvikling av klinisk forsking i det medisinske fagmiljøet i regionen.

Les heile utlysinga, og finn lenke til søknadsskjema, retningslinjer m.m. For English, please refer to "Call for proposals 2018"

Spørsmål om utlysinga kan rettast til forskningsmidler@helse-vest.no