Tildeling av Helse Vests forskingsmidlar 2017

Samarbeidsorganet har 24. november 2016 tildelt midlar til 69 av dei totalt 288 søknadene som var sendt inn innan fristen 15. september.

To personer jobber i laboratoriet. Foto.
 

I tillegg til dei nye prosjekta har 156 stipendiatar og prosjekt fått vidareført si finansiering. Knapt 144 millionar kroner går til å finansiere dei nye og vidareførte prosjekta.

Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen har vore førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen leia av professor Inger Thune, som har fleire års erfaring frå vurderingsarbeid i Helse Vest.

Søknadene er vurderte ut frå vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte, og dei to kriteria er likeverdige. Dei vurderingskriteria som er nytta i årets søknadsprosess, er forankra i eit nasjonalt arbeid. For meir informasjon om vurderingskriteria, sjå formål og kriterium for Helse Vests forskingsmidlar.

Forskingsprosjekt med høg kvalitet

Thune seier at også årets søknader viser forskingsaktivitet av høg kvalitet og fagleg bredde. Mange prosjekt har forskingssamarbeid mellom klinikk og forskingslaboratorium. Sjølv om dette kan bidra på ein god måte til å knyte forsking i ulike miljø saman, kan det samtidig vere langt fram til klinisk kvardag. Av den grunn har nokre forskingsprosjekt ikkje fått støtte til tross for fagleg høg kvalitet og samarbeid med leiande internasjonale forskingsmiljø.

Blanda søkjarmasse

– Regionens forskingsmiljø får fortsatt fram mange gode kandidatar til doktorgradsstipend. Det er likevel ei utfordring at desse ikkje blir omsett i like mange gode postdoktorsøknader. Karrierestipend som er neste trinn på vegen til å byggje eige forskingsmiljø, er viktig for bygging og vidareføring av god klinisk forsking i regionen.

Utvikling av klinisk forsking er ein hjørnestein dersom ny kunnskap innanfor medisinsk biologi skal kunne overførast til klinisk kvardag. Årets søknader til karrierestipend var spennande og til dels med høg vitskapeleg kvalitet, men ved ei samla vurdering av kandidat og forskingsprosjekt nådde ingen søknader opp, avslutta Thune. Les meir om tildelinga.

Sjå kven som fekk tildeling i 2017


Tildelingsbrev blir sendt ut så fort som råd. Nytt av året er at alle søkjarar vil få ei kortfatta tilbakemelding på søknaden. Tilbakemeldinga vil bli sendt ut i løpet av 3 veker etter at tildelinga er vedteken av samarbeidsorganet.