Samarbeidsorganet sine retningslinjer og rammer for søknadsprosessen har vore førande for arbeidet som er gjort av dei eksterne vurderingskomiteane denne hausten, og dei har blitt godt ivaretekne gjennom evalueringsprosessen leia av professor Inger Thune, som har fleire års erfaring frå vurderingsarbeid i Helse Vest.
Søknadene er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. For meir informasjon om vurderingskriteria,
sjå formål og kriterium for Helse Vests forskingsmidlar.
Thune har registrert ei fagleg god utvikling på mange ulike område av forskingsaktiviteten i regionen i dei åra ho har vore med. Fokus, rammer og retningslinjer har støtta opp under dette. Årets søknadar legg seg fint inn i denne utviklinga, og viser forskingsaktivitet med høg kvalitet og god fagleg breidde, og med gode internasjonale samarbeidspartnarar.
Mange prosjekt har forskingssamarbeid mellom klinikk og forskingslaboratorium. Slike translasjonsprosjekt bidreg på ein god måte til å knyte saman forsking mellom helseføretak og institusjonar i regionen, men samtidig kan det vere langt fram til klinisk kvardag. Også i år er det derfor slik at forskingsprosjekt ikkje har fått støtte, trass i svært høg kvalitet og godt internasjonalt samarbeid.
– Konkurransen om midlane har vore spesielt høg blant søknadane til open prosjektstøtte, der talet på søknader har auka med nærare 30 prosent frå i fjor. Dette har vore ei utfordring ettersom mange søknader i denne gruppa er svært gode. Rekruttering til forsking er viktig for alle forskingsmiljø, og sjølv om miljøa framleis får fram mange gode kandidatar til doktorgradsstipend, er det ein veg å gå når det gjeld kandidatar til ei forskarkarriere etter avlagt PhD.
Kan miljøa gjere endå meir for å hjelpe fram gode kandidatar, undrar Thune. Utvikling av klinisk forsking er ein hjørnestein dersom ny kunnskap innanfor medisinsk biologi skal kunne overførast til klinisk kvardag. Årets tildeling av to kliniske forskarstipend gir ekstra tyngde til denne utviklinga. Forskarstipenda er ein ny søknadskategori, og når denne ordninga blir enda meir kjent, er eg sikker på at det i åra framover vil kome mange gode søknadar frå dei kliniske miljøa, avslutta Thune, som no gir seg som leiar av komitéarbeidet i Helse Vest.
Les meir om tildelinga