Tildeling av strategiske forskingsmidlar Helse Vest

Samarbeidsorganet har i løpet av hausten 2016 hatt fleire utlysingar av strategiske midlar, og no er det avgjort kven som får tildelt samhandlingsmidlar.

 

For større, tverrfaglege samhandlingsforskingsprosjekt er det sett av 9 millionar kroner for perioden 2017-2019. To av seks søknadar får tildelt midlar frå Samarbeidsorganet:

  • “Rethinking rehabilitation - a multicenter multimethod study on continuity of care, health literacy, adherence, and cost effectiveness at all care levels”. Prosjektleiar er Tone M. Norekvål, Helse Bergen HF. Prosjektet blir tildelt totalt 6,6 millionar kronar  over tre år (2017 - 2019).
  • “Our common responsibility - an intervention study to improve the handover communication between primary care and specialised health care”. Prosjektleiar er Miriam Hartveit, Helse Fonna HF. Prosjektet blir tildelt totalt 2,4 millionar kronar over  to år (2017 -2018).

Når det gjeld utlysinga av midlar til rusforsking blei det ikkje tildelt midlar, og vidare bruk av midlane skal behandlast i samarbeidsorganet i februar.

Utlysinga til mindre helseføretak er i prosess, og søknadane er no til behandling i vurderingskomiteen. Det er venta at vedtak om tildeling vil vere klart medio februar.