Utlysing av strategiske midlar til samhandlingsforsking

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger lyser ut midlar til den strategiske satsinga på samhandlingsforsking. For perioden 2017-2019 er det satt av kr. 3 mill. årleg til satsinga, totalt kr. 9 mill. Midlane skal gå til 1-2 større, tverrfaglege samhandlingsprosjekt som held høg vitskapleg kvalitet og som er til nytte for helsetenesta.

Søknadsfrist for tildeling av midlar for perioden 2017-2019 er: 30.11.2016

Satsinga er forankra i:

St.meld. nr. 47 (2008-2009) Samhandlingsreformen

Oppdragsdokument til Helse Vest RHF

Vedtak i Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger, 28.09.2016

Definisjonen og målsetting:

Samhandlingsforsking skal etablere ny kunnskap om på kva måte faglege, organisatoriske, kulturelle, økonomiske og teknologiske forhold i tenesta bidrar til å identifisere barrierar eller understøtte samhandlingsreformens målsetting. Følgjande målsettingar er sentrale i satsinga:

  • Styrke samhandlingsforsking
  • Styrkje forsking på samhandling innanfor habiliterings- og rehabiliteringsfeltet
  • Styrke forsking og utviklingsarbeid, mellom anna forsking og innovasjon som skjer nær den praktiske utøvinga i kommunal helse- og omsorgsteneste
  • Styrke forsking på førebygging i den kommunale helse- og omsorgstenesta og i spesialisthelsetenesta
  • Sikre kunnskapsoverføring gjennom evaluering av reforma og pågåande samhandlingstiltak

Kven kan søkje - forankring

Prosjektleiar - den som er fagleg ansvarleg for prosjektet - skal stå som søkjar. Søkjar skal som eit minimum ha avlagt doktorgrad. Søkjaren må vere tilsett ved eit helseføretak i regionen eller ved ein privat, ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. Om tilsettingskrava ikkje er oppfylte, kan personar tilsett ved universitet og høgskular i regionen, samt private rus- og rehabiliteringsinstitusjonar med avtale med Helse Vest, likevel søkje dersom det føreligg ei forankringsavtale med eit helseføretak eller ein privat, ideell institusjon, sjå Kven kan søkje forskingsmidlar

Aktuelle forskingsmiljø vil mellom anna vere samfunnsmedisin, samfunnsvitskap, kliniske helsefag og organisasjons- og logistikkfag.
Det blir spesielt oppmoda til å sende inn søknadar som omhandlar habilitering og rehabilitering.

Kunnskapsoverføring og implementering

Som for all forsking må det sikrast at ny kunnskap om kva som verkar og kva som ikkje verkar, når fram til tenesta sjølv. Søkjar må som del av søknaden legge fram plan for slik kunnskapsoverføring. Det anbefalast at det blir lagt grunnlag for kunnskapsoverføring allereie ved forankring av søknaden gjennom at helseføretaket eller den private, ideelle institusjonen forpliktar seg til å informere og eventuelt involvere samarbeidsråda med kommunane.

Særlege føringar

Samhandlingsreforma er kompleks og samansett. Ei open tilnærming til forskingsfeltet og samarbeid på tvers av ulike fagfelt - med tematisk spreiing, ulike problemstillingar og ulike metodar - er derfor naudsynt. Prosjekta må vere fleirårlege. Følgjeforsking vil kunne vere viktig. Samhandlingsprosjekta skal ha eit regionalt perspektiv. Det er ein føresetnad at ein i prosjekta har eit aktivt forskingssamarbeid med personar i kommunal sektor. Dersom fleire søknader stiller likt, vil eigenandelar frå deltakande forskingsinstitusjonar vere eit fortrinn.

Søknadsskjema

Søknad skal sendast inn via eSøknad innan 30.11.2016

Søknadsskjemaet eSøknad har vore nytta i Helse Vest sidan 2006, men har ikkje tidlegare vore brukt ved utlysing av strategiske forskingsmidlar. For søkjarar som ikkje har brukt eSøknad tidlegare, sjå presentasjon av eSøknad.
Dei som har brukt eSøknad tidlegare, kan merkje seg at søknadsskjemaet i år kjem i ny design, men funksjonane er stort sett uendra. Frå og med i år må søkjar aktivt sende førespurnad etter at deltakarene er registrert i skjemaet, anten via sms eller e-post. Sjå meir rettleiing i skjemaet. I søknadsskjemaet kan ein velje norsk eller engelsk språk.

Vurderingskriterium - kvalitet og nytte

Søknadane vil bli vurdert ut frå vitskapeleg kvalitet og nytte. Dei to kriteria er likeverdige i den meining at høg nytte eller høg kvalitet aleine ikkje er tilstrekkeleg for tildeling av midlar. Dei 4 regionale helseføretaka har utarbeidd felles kriterium for kvalitet og nytte.

Vurdering av kvalitet

Kvalitetskriteriet er ei vurdering av prosjektet, søkjarens og forskingsmiljøet sin vitskapelege kvalitet. Følgjande element inngår i kvalitetskriteriet:

Originalitet​​​​

  • Fagleg nyheitsverdi og originalitet i forhold til forskingsfronten på fagområdet
  • Innovasjonsgrad, utfordrar prosjektet, for eksempel gjennom bruk av teori/metode, gjeldande praksis?

Søknadens utforming​​

  • Vitskapeleg bakgrunn for prosjektet
  • Oversikt over forskingsfronten, «state-of-the-art», aktuell referanselitteratur
  • Framstilling av hypotesar, mål og milepelar
  • Beskriving av stillingar (spesielt viktig for doktorgradsstipend) og roller

Gjennomføring​

  • Realistisk og hensiktsmessig plan for gjennomføring (datainnsamling, metodar, analyser, statistikk osv.)
  • Identifisert risiko med evt. alternative strategiar for gjennomføring
  • Tilgjengelege data frå pilotprosjekt, andre preliminære data der relevant
  • Realistisk budsjett

Søkars kvalitet (relatert til status for karrieren)​

  • Kompetanse og kvalifikasjonar
  • Produktivitet
  • Kompetanse relatert til prosjektleiing/rettleiing
  • Sjølvstende i samsvar med status for karrieren (for karrierestipendiatar spesielt)

Forskingsmiljø​

  • Infrastruktur, tilgang til utstyr og ressursar, faglege nettverk
  • Relevante samarbeidspartnarar
  • Læringsmiljø, rettleiingskapasitet og –kompetanse
  • Tverrfaglegheit der relevant

Vurdering av nytte

Nyttevurderinga er ei vurdering av prosjektets nytteverdi/betyding for pasientar og helsetenesta. Følgjande element inngår i nyttekriteriet:

Grunngjeving i behov

  • Prosjektet si målgruppe, dvs. pasientgruppe, pårørande, andre identifiserte brukarar
  • Behov i spesialisthelsetenesta
  • Dekking av kunnskapshol
  • Andre samfunnsbehov

Betyding av ny kunnskap​​

  • Realistisk betyding for helsetenesta, moglege forbetringar av eksisterande tilbod/praksis
  • Viktigheit av kunnskapstileigning/dekking av kunnskapshol, akademisk nytte
  • Samfunnsnytte, moglegheit for generalisering/brei kunnskapsanvending

Implementeringsmoglegheiter​​​

  • Realistiske implementeringsplanar/translasjon av forsking til forbetra praksis
  • Realistisk tidsperspektiv (kort/lang sikt)
  • Identifiserte avhengigheitar til utvikling på andre område

Kompetansebygging​​

  • Nødvendig kompetanseheving i helsetenesta
  • Utvikling av metodekunnskap, teknikkar
  • Styrking av fagfelt

Gjennomslagskraft og synlegheit​

  • Plan for formidling; publikasjonar, artiklar, websider osv.
  • Plan for brukarmedverknad dersom relevant
  • Andre relevante måtar å spreie ny kunnskap på, både nasjonalt og internasjonalt.

Vurderinga av vitskapeleg kvalitet og nytte vil bli gjort av ein ekstern vurderingskomité, dvs. med medlemmer utanfrå Helse Vest.


Brukarmedverknad

I søknadar om forskingsmidlar skal det gjerast greie for i kva grad brukarar er involvert i planlegging, gjennomføring og formidling av forskingsprosjekt- og resultat. Dersom det ikkje er relevant å involvere brukarane i prosjektet skal det gjerast greie for dette. Sjå nærare omtale om brukarmedverknad i Formål og kriterium.

Obligatoriske vedlegg

Det skal lastast opp to vedlegg til den elektroniske søknaden:

  1.  Prosjektframstilling. Det er utarbeidd ein mal for prosjektframstilling som skal nyttast ved denne søknadsrunda. Merk at alle hovudpunkta i malen er obligatoriske, men at nokre av underpunkta er rettleiande og ikkje alltid relevante for alle utlysingar/søknadstypar.
  2. Andre obligatoriske vedlegg (skal lastast opp samla som eitt PDF-dokument):
    Søkar sin CV og publikasjonsliste siste 5 år. Merk at CV-en helst ikkje bør overstige to sider, sjå også forslag til CV-mal.
    Forankringsavtale dersom aktuelt. Sjå informasjon i Kven kan søkje forskingsmidlar

Merk elles at:

  • Personell finansiert av midlane skal tilsetjast i søkjarinstitusjonen.
  • Forskingsmidlane skal tildelast og handterast av regionens helseføretak og private, ideelle institusjonar (altså søkjarinstitusjonane).
  • Midlane kan berre nyttast til prosjektet det er søkt midlar til.
    Midlane skal nyttast i tråd med tildelinga, dei overordna retningslinjene og prinsippa for Helse Vest sine forskingsmidlar og søkjarinstitusjonane sine retningslinjer.
  • Det kan ikkje takast dekningsbidrag av midlane.

Vedtak om tildeling og tilbakemelding på søknaden

Søknadene vil bli vurdert av ein komité med representantar frå institusjonar utanfor Helseregion vest. Komiteen skal i hovudsak vurdere den vitskapelege kvaliteten og den forventa nytta i prosjekta.

Fordeling av forskingsmidlane blir vedteke av fagdirektøren i Helse Vest, truleg innan desember 2016. Informasjon om kven som får tildelt midlar vil bli publisert på Helse Vest sine nettsider, og alle søkjarar vil bli varsla når tildelinga er offentleggjort.

Søknadar som ikkje får tildelt midlar vil motta ei kort skriftleg grunngjeving på avslaget. Merk at tilbakemeldinga er av overordna og generell karakter. Det er høve til å klage på grunngjevinga. Søkjar har berre høve til å klage på saksbehandlingsfeil eller faktaopplysningar som blir brukt i grunngjeving for avslag. Det er ikkje anledning til å klage på utøvinga av det faglege skjønnet i vurderinga. Meir informasjon om klageåtgang vil bli sendt ut saman med grunngjevinga for avslaget.

Dersom du har spørsmål om utlysinga

Ta kontakt med Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking: forskning@helse-vest.no