Møt til sjukehustimen

Kvart år er det over 80 000 legetimar som ikkje blir nytta i Helse Vest og som skuldast at pasienten ikkje møter eller melder avbod kort tid i førevegen. Det er over fire prosent av sjukehustimane. Dei unytta timane er ei av dei største utfordringane som sjukehusa står overfor.

​Poliklinikkane i Helse Vest opplever kvar dag pasientar som avbestiller sjukehustimen i siste liten eller pasientar som ikkje møter til timen i det heile tatt. Samstundes som sjukehusa har unytta timer kvar dag, er det pasientar som ikkje får kome til så raskt som dei kunne om fleire hadde nytta dei timane sjukehusa har planlagt. Den utfordringa finst det ikkje éi enkel løysing på, meiner Hilde Christiansen, som er direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest og programeigar for Alle møter, men ein må starte med å få pasientane til å møte til timen sin.

– Pasientar må møte til sjukehustimen sin. Viss dei absolutt ikkje kan, må dei avbestille så tidleg som mogleg, er den tydelege beskjeden frå Christiansen. Hu forklarar:  – Jo fleire som møter til timen sin, jo fleire får sjukehusa tid til å behandla med kortare ventetid. Blir pasienten forhindra til å møte til timen, er det viktig å gje beskjed så tidleg som mogleg slik at nokon andre kan få plassen.

portrett

Christiansen ønskjer at fleire pasientar møter til sjukehustimen.

Viss pasientar ikkje møter til avtalt time, må dei betale eit gebyr på 702 kroner. I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å auke gebyret for å ikkje møte til timen til 1053 kroner. Målet er at fleire pasientar skal møte til sjukehustimen.

– Vi er ikkje opptatt av at vi kan gje gebyr til våre pasientar. Vi er opptatt av at dei timane som blir tildelt blir nytta. Det betyr mykje for den det gjeld, det betyr mykje for andre pasientar og det betyr mykje for sjukehusa og deira planlegging, seier Christiansen.

Kva skjer når ein pasient ikkje møter til timen?

I sjukehusa er det helsesekretærane som tildeler timar til pasientane. Når ein pasient får tildelt ein time, blir det satt av eit rom, ein lege, sjukepleiarar, utstyr som skal bli brukt, og det blir planlagt for prøvetaking og andre aktivitetar. Det er eit stort apparat som blir satt i gong, for nå handlar det om å leggje til rette for pasienten som må på sjukehuset.

Legen ventar, sjukepleiarane ventar, men pasienten kjem ikkje. Framleis er det pasientar som ikkje har fått time enda eller som må vente unødig. Christiansen ramsar opp ulike grunnar til at ein pasient ikkje møter til timen sin.

– Nokre gløymer rett og slett timen sin sjølv om dei får SMS, men vi har også dømer på pasientar som ikkje vil gå med bandasje i sommarferien og som derfor ikkje møter til timen. Det finst til og med nokon som veljar ein frisørtime framfor ein sjukehustime

– Sjukehustimen er viktigare enn frisørtimen, konstaterer hu.

Jo fleire som møter til timen sin, jo fleire får sjukehusa tid til å behandle.

Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi
 

Fleire pasientar, mindre tid

Vi veit at det kjem til å bli fleire pasientar i årane som kjem. I tillegg kjem pasientane til å ha eit meir komplisert sjukdomsbilete. Det vil krevje ei omstilling frå sjukehuset si side, men det er også viktig at pasientane forstår kvifor det er så viktig at dei møter til den timen dei har fått tildelt.

– Sånn som situasjonen er nå, har vi for mange unytta timar i sjukehusa. Det må vi gjere noko med. Vi må leggje til rette for at pasientane skal møte til timen sin, og at dei skal kunne gje beskjed på ein enkel måte dersom dei ikkje har moglegheit til å møte.

Eit av desse tiltaka ligger på helsenorge.no og heiter «Mitt timeval». Der får pasienten oversikt over alle sine timeavtalar på sjukehuset. Via helsenorge.no kan pasienten også avbestille timen sin. Ein kan framleis ringje, og prosjektet «Open linje» har arbeida for nettopp lengre opningstider på telefon og eigne «kontaktsenter» i alle sjukehusa, som skal gjere det lettare for alle som tar kontakt via telefon å kome igjennom og få hjelp.

Og viss du har gløymt timen din?

– Det er lov å gløyme sjukehustimen sin, og vi veit at uhell kan skje. Likevel oppmodar vi til å leggje inn eit varsel på telefonen, skrive ein lapp og henge den på døra, eller be nokon du bur med om å hjelpe deg å huske timen. Sjukehuset vil også hjelpe, ved å sende SMS til alle pasientar for å minne om timen. Viss vi står saman om dette, kan vi få til betre planlegging og gjennomføring til glede for pasientar, pårørande, fastlegar og sjukehusa, seier Christiansen.

Logg inn på helsenorge.no