Helse Vest RHF lyser ut inntil 18 millionar kroner til innovasjonsprosjekt. Fristen for å søke om midlar til innovasjonsprosjekt er 17. oktober 2023 kl. 13:00.
Skal ditt helseføretak i gang med komplekse prosjekt der de ønsker å samhandle med kommunehelsetjenesta? Planlegg de å sette i gang med heimesjukehus, men har utfordringar med å definere pasientforløp eller realisere gevinstar?
I slike prosjekt kan de få hjelp av InnoMed. Tilbudet er gratis, og du vil få dedikerte innovasjonsrådgivarar frå InnoMed som rådgivarar til ditt prosjekt.
![A man holding a light bulb](/49a0af/contentassets/10f587d9d4614d0aa870de94bc66e6cb/colourbox7776147.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Pilot Helse
Saman med dei andre regionale helseføretaka, KS og SIVA deltar Helse Vest RHF i Forskningsrådet si nye ordning Pilot Helse.
Pilot Helse er ei ordning som skal støtte ambisiøse og krevande innovasjonsløp. Støtta skal gje verksemder i offentleg sektor og bedrifter moglegheit for saman å etablere eit innovasjonsløp basert på behov hos pasientar, innbyggarar eller i dei offentlege helsetenestane.
![hånd tar på skjerm](/49a0af/contentassets/10f587d9d4614d0aa870de94bc66e6cb/innovasjon_pilot-helse.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Nyheiter om innovasjon
Har du ein god idé?
Om du har pasienterfaring, er tilsett, pårørande, samarbeidspartnar eller representant frå næringslivet, er du velkommen til å dele ideen din med oss. Vi vil følgje opp forslaget ditt og gi deg ei rask tilbakemelding.
![A woman holding a flower](/49a0b2/contentassets/10f587d9d4614d0aa870de94bc66e6cb/jente-solsikke-innovasjon_3000_pix.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Last updated 4/24/2023