Vi er eit regionalt helseføretak og har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke.
Vi sørgjer for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.
Helse Vest eig fem helseføretak og eitt aksjeselskap i Rogaland og Vestland. I tillegg har vi avtalar med fleire private sjukehus og andre som tilbyr spesialisert behandling.
Styremøta i Helse Vest er ope for publikum og presse, og alle styredokument blir lagt ut på nett.
Vi treng dyktige medarbeidarar – sjå våre ledige stillingar.
Kor mange blir innlagde i løpet av eit døgn, kor mange ambulansar er i beredskap og kva kostar det eigentleg å driva sjukehus?
Helse Vest lyser ut midlar til forskingsprosjekt for 2027. Søknadsfristen er 15. september 2026 kl. 16.00.