Inngangsparti Nådlandskroken 11

Om nettstaden

Ansvarleg for sida

Bilde på nettstaden​​

Alle bilda vi bruker på nettsidene våre er tekne med det føremålet at dei skal brukast i sjukehusa våre og på helse-vest.no. Alle menneska som er avbilda har gitt sitt samtykke til det.​

Kommunikasjonsavdelingane i sjukehusa og Helse Vest RHF eig alle bilda som er brukte. Dei aller fleste bileta er tekne av kommunikasjonsavdelingane sjølve, men vi bruker òg bilete frå:

  • Kjetil Alsvik
  • Thor Brødreskift
  • Eivind Senneset​
  • Monica Larsen​
  • Kristin Rødven Eide​

Nokre bilde på nettstaden er frå Colourbox, Corbis/Johnér eller andre eksterne byrå.

Dei fleste hovedbild​a ("toppbanner") er tekne ved Haugesund sjukehus, av fotograf Kjetil Alsvik.

Vi har også bilde på Flickr

Du er velkommen til å ta kontakt med oss på info@helse.vest.no dersom du ønskjer bruke nokre av dei. Dersom du ønskjer å bruke eit bilde frå eit av sjukehusa eller frå Sjukehusapoteka Vest, ta kontakt med deira kommunikasjonsavdeling.

​helse-vest​​.no

Vi lanserte nye nettsider i september/oktober 2016. Løysinga bruker den tekniske plattforma SharePoint og er utvikla i samarbeid med e-helsedirektoratet og helsenorge.no. Løysinga er utvikla etter mobile-first-prinsippet og har responsiv design. Vi har også gjort så godt vi kan for å få sidene våre universelt utforma, slik at vi kan gi god informasjon uansett kven som besøkjer nettsidene våre.

Alle helseføretaka i Noreg bruker den same tekniske løysinga.

Gi oss gjerne tilbakemelding på sidene på info@helse-vest.no​​​

  • Informasjonskapslar

    Denne nettstaden bruker informasjonskapslar for å velje språk og samle inn statistikk. Informasjonskapslar kan spore internettbruken din, men vi lagrar aldri informasjon som kan identifisere deg personleg.

  • Helse Vest bruker nynorsk

    Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har derfor nynorsk som tenestemål.

  • Personvern

    Personvern her handlar om korleis nettsida samlar inn og brukar informasjonen frå dei som besøker nettstaden.