We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Feira framsteg innan blodkreft, demensforsking og barnehelse

Helse Vest har delt ut prisar for framifrå forsking og innovasjon. Prisane gjekk til initiativ som har forbetra behandling av blodkreft, gitt ny kunnskap om demens, og styrkt helsetenester for born og unge. Initiativ som har hatt mykje å seie for pasientbehandling og helsearbeid i regionen.

Published 10/31/2024
Last updated 11/8/2024
bilde av syv personer, tre kvinner og fire menn.
Prisvinnarane og prisutdelarane saman på forskingskonferansen. Frå venstre: Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF, forskingprisvinnar Bjørn Tore Gjertsen, innovasjonsprisvinnarane Ingrid Øritsland Våge og Ester Marie Espeset, prisvinnar for ung forskar Miguel German Borda, Klaus Mohn, rektor ved Universitetet i Stavanger og Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF. Foto: Jorunn Busk

Forskingsprisen, prisen til ung forskar og innovasjonsprisen blei delt ut på forskingskonferansen i Helse Vest 31. oktober. Førstnemnde gjekk til Bjørn Tore Gjertsen, som er overlege ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Klinisk institutt 2 ved universitetet i Bergen. Torsdag blei han tildelt forskingsprisen i Helse Vest for den viktige forskinga si på blodkreft, spesielt akutt myeloid leukemi (AML).

Gjertsen sitt arbeid har ført til betre behandling av AML-pasientar gjennom avanserte analysar av enkeltceller og signalvegar. Dette har forbetra både diagnostikk og behandling.

portrett av kvinne med brunt hår
Inger Thune er professor ved universitetet i Oslo og leiar av priskomiteen.


– Han har klart å kombinere grunnforsking med praktisk behandling. Arbeidet hans har forbetra behandlinga for pasientar med akutt myeloid leukemi og har vært banebrytande, seier professor Inger Thune, som er leiar for priskomiteen for forskingsprisen og prisen for ung forskar.

Overlegen og professoren har også bygd opp eit sterkt forskingsmiljø og eit breitt samarbeid mellom grunnforskarar og klinikarar. Dette samarbeidet har vore viktig for framstega innan leukemibehandling. 

Ny kunnskap om Alzheimers, demens og aldring

Ung forskar-prisen gjekk til Miguel German Borda, postdoktor og geriatar ved Stavanger universitetssjukehus og Universitetet i Stavanger, for forskinga hans på Alzheimers sjukdom, demens med Lewylekam og aldring. Dette er ein samarbeidspris med midlar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest.

– Miguel har kombinert grunnforsking med kliniske studiar på ein imponerande måte utgåande frå eit sterk forskingsmiljø i Stavanger. Hans arbeid gir oss ny innsikt i korleis vi kan førebygge og behandle nevrodegenerative sjukdommar betre, seier professor Thune.

Forskinga til Borda har vist at dårleg ernæring og redusert muskelfunksjon kan påverke både daglege gjeremål og kognitiv evne hos pasientar med nevrodegenerative lidingar. Han har også funne ein samanheng mellom systemisk inflammasjon og demens.

Betre tilbod for born og unge

Innovasjonsprisen i Helse Vest gjekk til eit prosjekt som omhandlar ei svært viktig pasientgruppe. Barn og unges helseteneste sikrar at born og unge får tidleg hjelp og på lågast mogleg nivå. Dette bidreg til betre pasientbehandlinga.

Prosjektet er leia av Ester Marie Espeset og Ingrid Øritsland Våge frå Helse Fonna. Dei jobbar for å forbetre samhandlinga mellom kommune og spesialisthelseteneste i psykisk helsearbeid. Prosjektet involverer fleire tenester som helsestasjon, fastlege, barnevern, PP-tenesta og BUP, og gir ei oversikt over rollene og ansvara til dei ulike tenestene. Dette gjer det lettare for både brukarar og tilsette å vite kvar dei skal gå for hjelp.

Prosjektet har fått stor merksemd nasjonalt og er spreidd til fleire regionar. Det har også fått støtte frå Innomed. Gjennom sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos born og unge, som angst, autismespekterforstyrringar og depresjon, sikrar prosjektet at hjelpa er tilpassa behovet til den enkelte. Dette heilskaplege tilbodet gir born og unge betre høve til å meistre utfordringane sine og få den støtta dei treng.

Om forskingskonferansen i Helse Vest

Forskingskonferansen i Helse Vest blir arrangert årleg, med deltakarar frå alle helseføretaka i Helse Vest.

I år blei konferansen arrangert 31. Oktober – 1. november.

Kvart år blir det delt ut forskingspris, innovasjonspris og pris til ung forskar. Forskingsprisen og innovasjonsprisen blir delt ut av Helse Vest, medan ung forskar-prisen er ein samarbeidspris med midlar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest.

For å få forskings- eller innovasjonsprisen må kandidaten vere tilsett i eit av føretaka i Helse Vest eller i ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. For å få prisen til ung forskar må kandidaten vere tilsett eller student ved ein av institusjonane som er med i Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon, vere 40 år eller yngre og ha avlagt doktorgrad.