We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Felleseigde, nasjonale selskap

Helse Vest eig fleire selskap saman med dei andre regionale helseføretaka, Helse Nord, Helse Midt-Norge og Helse Sør-Øst:

Sykehusinnkjøp HF

Sykehusinnkjøp HF koordinerer felles innkjøpsavtalar for alle helseføretaka i Noreg for slik å gjere innkjøpa billigare for sjukehusa.

Sykehusinkjøp HF

Pasientreiser HF

Pasientreiser er reiser til og frå behandling som er godkjent av det offentlege. Saman med lokalt pasientreisekontor har selskapet ansvaret for saksbehandling og refusjon av pasientreiser utan rekvisisjon.

Pasientreiser HF

Luftambulansetjenesten HF

Helseforetakenes nasjonale luftambulansetjeneste HF (forkorta til Luftambulansetjenesten HF) har det operative ansvaret for luftambulansetenesta. Sjukehusa har det medisinske ansvaret og stiller med legar og sjukepleiarar.

Luftambulansetjenesten HF

Helsetjenestens driftsorganisasjon HF

Helsetjenestens driftsorganisasjon for nødnett HF (HDO HF) er eit driftssenter for helsetenesta si bruk av løysingar for nødmeldetenester. Brukarane av tenestene i HDO er helsepersonell i dei regionale helseføretaka, helseføretaka og alle kommunane i landet. Det er open drift- og brukarstøtte for selskapets brukarar heile døgnet.

HDO HF

Sykehusbygg HF

Sykehusbygg HF er ein internleverandør for dei regionale helseføretaka og helseføretaka i Noreg, og skal leggje til rette for og bidra til standardisering, erfaringsoverføring, god utnytting av ressursane og ressurstilgang innanfor prosjektering og bygging av sjukehus.

Sykehusbygg HF

Last updated 7/2/2024