We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest
to personer i operasjonssal

Helsetenester til 1,1 millionar innbyggjarar

Helse Vest RHF eig fem helseføretak, og er eitt av dei fire regionale helseføretaka som har ansvaret for spesialisthelsetenesta i Noreg.

Tala er henta frå årsberetning 2023
Map
Regionen omfattar Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Vi har kring 50 sjukehus og institusjonar. 

I år vil sjukehusdrifta på Vestlandet koste om lag

30 milliardar kroner

Resultat og investeringar

  • Resultatet for føretaksgruppa for 2023 viser eit positivt resultat på 
    317 millionar kroner.
  • Resultatet for Helse Vest RHF viser eit overskot på
    569 millionar kroner.
  • Samla investeringar til føretaksgruppa for 2023 var på totalt 507 millionar kroner.
  • Investeringane fordeler seg med:
    • 354 millionar kroner til medisinteknisk utstyr
    • 235 millionar kroner til transportmiddel, inventar og utstyr
    • 4 749 millionar kroner til tomter, bustader, bygningar og anlegg under utføring.
  • I tillegg er det investert i lisensar og programvare i tillegg til prosjekt under utvikling på til saman 169 millionar kroner.
A couple of people wearing surgical scrubs and masks
I heile Helse Vest er det om lag 31 000 medarbeidarar

Avtalar med private

Helse Vest RHF har inngått langsiktige avtalar med ei rekkje private leverandørar.

Per 31. desember 2023 har Helse Vest driftsavtalar med 240 avtalespesialistar, innanfor somatikk og psykisk helsevern. Desse fekk driftstilskot frå Helse Vest RHF.

I tillegg hadde det regionale helseføretaket driftsavtale med sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, fem private rusinstitusjonar og åtte private rehabiliteringsinstitusjonar i vår region, og private leverandørar innanfor kirurgi, røntgen og laboratorium.

fem forskere i hvite klær viser frem en sensor

Årleg bruk av midlar til innovasjon er fast. I tillegg til satsinga i dei enkelte verksemdene, så var det i 2023 lyst ut 18 millionar kroner i Helse Vestfor å stimulere til innovasjonsprosjekt i helseføretaka som støttar måla i Helse 2035 og Nasjonal helse- og sykehusplan.

Føretaksgruppa samla sett har i 2023 brukt 943 millionar på forsking, der 140 millionar er finansiert av øyremerka tilskot fra Helse- og omsorgsdepartementet, 207 millionar frå andre og 596 millionar er dekka av basisramma.

fem forskere i hvite klær viser frem en sensor

Forskinga omfattar i hovudsak klinisk forsking. I tillegg til dei øyremerka forskingsmidlane frå Helse Vest, har helseføretaka finansiert kostnader til forsking over basisramma, og dei har mottatt gåver og tilskot frå andre kjelder til forskingsføremål.

Føretaksgruppa samla sett har i 2023 brukt 943 millionar på forsking, der 140 millionar er finansiert av øyremerka tilskot fra Helse- og omsorgsdepartementet, 207 millionar frå andre og 596 millionar er dekka av basisramma.

  • Medarbeidarar

    76 prosent av medarbeidarane ved sjukehusa og institusjonane i helseregionen er kvinner. I enkelte yrkesgrupper er kvinnedelen spesielt stor, mellom anna blant sjukepleiarar, hjelpepleiarar og reinhaldspersonale.

  • Styret og leiarar

    Av 106 styremedlemmar i føretaksgruppa er 59 kvinner og 47 menn. Når det gjeld toppleiarar er det ei fordeling på 45 prosent kvinner og 55 prosent menn

  • Ikkje-norske statsborgarar

    Tal frå 2023 viser om lag 22,7 prosent av medarbeidarane i sjukehusa er ikkje-norske statsborgarar. Helse Vest legg til rette for likestilling, sikre like moglegheiter og rettar og å hindre diskriminering. Leiarar på alle nivå har eit særskilt ansvar for at likestillingslova og diskrimineringslova blir følgd.