We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Helse 2035 er den overordna verksemdstrategien for Helse Vest.

Den regionale utviklingsplanen tek verksemdstrategien eitt steg vidare, og peikar både på ønska utviklingsretning og overordna tiltak. 

Den regionale tiltaksplanen skildrar tiltak som skal bidra til å oppnå måla i strategien og utviklingsplanen.

Regionale planar og strategiar er planar som gjeld for heile Helse Vest og som skal bidra til koordinert og samordna utvikling på tvers av føretaka og einingane. Regionale fagplanane dekkjer utvalde helsefaglege tema eller område mens funksjonsplanane omhandlar organisatoriske funksjonsområde. 

Føretaka i Helse Vest følgjer opp dei overordna strategiane, planane og føringane gjennom eigne og lokalt tilpassa strategiar og planar. 

Slik lagar og forvaltar vi planar i Helse Vest

Helse Vest har ein planstrategi for å ha ein overordna og heilskapleg tilnærming til planarbeid. 

Planar i Helse Vest skal  vere korte, presise og peike framover. 

Dei følgjer eit sett med felles prinsipp, som vi kallar VEST.  

Les meir om metoden vår!
A close-up of hands reaching for a coin
Last updated 9/30/2024