We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Helse 2035
Helse 2035 er den overordna verksemdstrategien for Helse Vest.
Å utvikle pasienten si helseteneste har vore eit av dei berande prinsippa når vi har utforma den nye verksemdstrategien vår, Helse2035. Dette skal prege alle delar av aktiviteten til Helse Vest, anten det gjeld pasientbehandling, forsking, opplæring eller utdanning.
I strategien er det lagt særleg vekt på dei områda som er omfatta av dei viktigaste endringane framover. Han er derfor bygd opp rundt utvalde tema, der dei grunnleggjande områda for verksemda er ein naturleg del.
Ressurstilgangen vil bli strammare i åra som kjem. På same tid vil vi sjå ein vekst i behov og behandlingsmoglegheiter. Vi må derfor balansere behov og moglegheiter opp mot tilgjengelege ressursar på beste måte, og sikre berekraft for dei tenestene vi skal levere i dag, i morgon og fram mot 2035. Det vil krevje prioriteringar. Med ei utvikling mot betre tenester og ein meir effektiv måte å levere tenestene på skal vi møte pasientane med den respekten, kvaliteten og tryggleiken dei treng.
Nasjonal helse og sjukehusplan gir føringar for spesialisthelsetenesta i Noreg. Helse Vest har lagt desse føringane til grunn i arbeidet med verksemdstrategien, som peikar ut retninga for helseføretaka i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fram mot 2035.
Arbeidet med strategien har brei forankring i heile føretaksgruppa på Vestlandet, og det har komme fleire viktige innspel frå andre aktørar i helsesektoren. Prosessen og arbeidet har vore omfattande, og vi vil gjerne takke alle som har bidrege.
Vi står overfor store oppgåver, utfordringar og moglegheiter i perioden som kjem. Det krev at spesialisthelsetenesta på Vestlandet arbeider saman som éi eining. I fellesskap med pasientane, medarbeidarane og samarbeidspartane i helsesektoren skal vi byggje ei framtidsretta og berekraftig helseteneste.
Overordna mål
› Trygge og nære helsetenester
› God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet
› Aktiv pasientdeltaking og heilskapleg behandling
› Ein framtidsretta og innovativ kompetanseorganisasjon
Helse 2035
Spesialisthelsetenesta på Vestlandet står framfor store endringar og utfordringar. Det blir stadig fleire innbyggjarar med stort behov for helsetenester. Samtidig viser framskrivingar av sjukdomsbiletet ein betydeleg auke av kreft, kols, demens, diabetes, overvekt, rus og psykiske lidingar.