We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

SAMHANDLING

Hovudmål 3: God samhandling og effektiv ressursbruk i heile pasientforløpet

Vi skal skape eit tettare og betre samarbeid internt i helseføretaket og med samarbeidspartnarane våre, for å byggje opp om vår felles helseteneste.

A man and a woman holding a baby's hand

Det skal vi blant anna gjere gjennom å utvikle formålstenlege samhandlingsforum som helsefellesskapa, gjennomføre felles investeringar i teknologi og sikre heilskaplege pasientforløp mellom helseføretaka, kommunane og andre samarbeidspartnarar. Gjennom jamlege kartleggingar og tilbakemeldingsrundar skal vi evne å sjå utfordringane og moglege løysingar gjennom auga til både pasientane, medarbeidarane, leiarane og samarbeidspartnarane våre.

Dagens situasjon og utfordringar

Helsetenestene er sett saman av fleire aktørar innanfor mange ulike fagfelt. Det gir ofte pasientane mange kontaktpunkt dei må forhalde seg til – gjerne i eitt og same pasientforløp. Dette er eit komplekst samspel som vi ikkje får godt nok til i dag. Sjølv om tenestene vi yter samla sett er gode, gir pasientar og pårørande tilbakemeldingar om at tenestene i mange tilfelle ikkje hengjer saman. Dei må oppgi same informasjon fleire gongar, ventetidene kan vere unødvendig lange og uønskt variasjon oppstår. Vi brukar heller ikkje ressursane våre optimalt, og det gir heile helsesektoren utfordringar med å yte gode og berekraftige tenester på sikt.

 

Innsatsområder

Strategisk mål

Helse Vest skal ha ein effektiv struktur og ei organisering med tydeleg oppgåvedeling og høg spesialisering mellom sjukehusa, og best mogleg utnytting av digitalisering, store investeringar og tungt utstyr. 

Bakgrunn og utfordring

Vi skal byggje opp om desentraliserte spesialisthelsetenester nærmast mogleg pasientane. Samtidig fører auka spesialisering og avgrensa tilgang på helsepersonell til at det ikkje er berekraftig å tilby dei same tenestene overalt. Vi må derfor jobbe vidare med funksjonsfordelingar for å byggje opp meir robuste og spesialiserte fagmiljø, samtidig som vi skal behalde eit desentralisert tilbod. 

Føresetnadane er ulike for dei fire lokale helseføretaka, blant anna når det kjem til geografi og talet på innbyggjarar i opptaksområdet. Graden av «eigendekning» og behovet for pasientforløp varierar derfor på tvers av føretaksgrensene. Samarbeidet mellom sjukehusa i det lokale føretaket og mellom sjukehusa i regionen må derfor vere tett og omfattande. 

Helse Vest sin strategi og Nasjonal helse- og sjukehusplan (2016–2019) legg vekt på at sjukehusa skal jobbe saman som eit team i eit forpliktande nettverk. Oppgåvedelinga skal bli tydelegare og spesialiseringa skal auke. Nye virtuelle tenester gjer samtidig mogleg å utvikle virtuelle team på tvers av dei einingane og sjukehusa, men det krev ein annan struktur og ei anna organisering enn før.  

Utviklingsretning

Enkelte spesialiserte sjukehusfunksjonar skal samlast av omsyn til kvaliteten, mens andre funksjonar som innbyggjarane treng ofte, mykje og nært skal vere desentraliserte. Det skal gi pasientane framtidsretta og trygge tenester av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur. 

Regionsjukehuset vil ha det største tilbodet av regionfunksjonar og nasjonale behandlingstenester. Dette er ikkje til hinder for at store akuttsjukehus og universitetssjukehus kan ha regionfunksjonar. Det viktigaste er at sjukehusa har ei formålstenleg spesialisering og oppgåvedeling, og at dei jobbar i eit forpliktande nettverk, som eit team. Helse Vest IKT og Sjukehusapoteka Vest skal fortsetje å yte elementære støttetenester i heile regionen, og legge til rette for felles verktøy, metodar og rutinar. 

Ein av dei viktigaste utviklingsfaktorane er innføring og bruk av nye teknologiske og digitale løysingar. Det skal bidra til å skape "det utadvendte sjukehuset", slik Nasjonal helse- og sjukehusplan (2020–2023) peikar på. Her skal vi nytte blant anna digitale og ambulerande tenester. På enkelte område kan det vere aktuelt å vurdere utprøving av «virtuelle sjukehus», for å sikre eit likeverdig og effektivt tilbod til alle pasientane. Dette er store satsingar som helseføretaka må løyse i fellesskap. 

Organiseringa, oppgåvedelinga og dei store satsingane omtalt ovanfor krev tydeleg leiarskap og god koordinering i føretaksgruppa. Vi skal derfor vidareutvikle formålstenleg møtearenaer for blant anna dei administrerande direktørane, fagdirektørane, samhandlingssjefane og ulike faggrupper for å vidareutvikle samarbeidet og koordinere av verksemda. 

 

Strategisk mål

Pasientar skal oppleve helsetenesta som ei einskapleg eining som handterer informasjon, tenester og behandlingsforløp på ein heilskapleg måte.

Bakgrunn og utfordring

Einskaplege helsetenester og tett samhandling er grunnleggjande føresetnader for å utvikle vår felles helseteneste. Det er i dag etablert eit utstrekt samarbeid mellom ulike yrkesgrupper og fagområde både internt i sjukehusa, mellom helseføretaka, med samarbeidspartnarar i kommunane og private aktørar. Det er likevel behov for å betre samarbeidet og gå opp rolle- og ansvarsfordelingar, for å sikre gode, likeverdige og heilskaplege tenester. Det betyr at vi må utvikle eit samanhengande nettverk mellom primær- og spesialisthelsetenesta, mellom somatikk, psykiatri og rusbehandling, og mellom avdelingar og verksemder i spesialisthelsetenesta. 

IT-løysingane til kommunane, fastlegane og spesialisthelsetenesta legg ikkje godt nok til rette for digital samhandling. Manglande eller forseinka informasjonsutveksling kan utgjere vesentlege utfordringar for både tenestekvaliteten og pasientsikkerheita. Dei aukane utfordringane knytte til økonomi og tilgang på helsepersonell gjer det samtidig heilt nødvendig å jobbe meir effektivt. Det er derfor behov for å utvikle og ta i bruk verktøy som gjer informasjonsutveksling, datadeling og felles planlegging lettare. 

Utviklingsretning

Organisatoriske og faglege grensegangar mellom einingar og nivå skal ikkje vere til hinder for å skape ei teneste prega av koordinert samspel. Med heilskapleg og godt koordinert hjelp frå helsetenestene skal fleire kunne bu heime, trass i betydeleg funksjonstap. Utgreiing og behandling av vanlege tilstandar, også akutte, kan i stor grad skje utanfor sjukehuset. Med utgangspunkt i faglege vurderingar og einigheit, vil kommunane og fastlegane derfor få ei endå meir sentral rolle i pasientbehandlinga. Helsefellesskapa vil i den forbindelse vere viktig for vidareutviklinga av vår felles helseteneste, med kommunane og helseføretaka som likeverdige partnarar.  

Vi skal leggje vekt på det som fremjar god helse og oppleving av meistring og velvære. Mobilisering av ressursane til pasienten og dei pårørande må til. Ein del av dette består òg av satsing på førebygging og folkehelse, blant anna for å dempe veksten i behovet for helsetenester. Helseføretaka skal bidra med kunnskap og innsikt, og samarbeid tett med fastlegane, kommunane og fylkeskommunane. Det inkluderer kunnskap og samarbeid om smittevern, og kva primærhelsetenesta og særleg sjukeheimane kan gjere for å førebyggje antibiotikaresistens.  

Virtuelle tenester skal vere regelen heller enn unntaket, og personell frå ulike fagdisiplinar og nivå må samarbeide om å tilby dei. IKT-løysingane i spesialisthelsetenesta må derfor samhandle med løysingane i primærhelsetenesta, understøtte lokale og regionale arbeidsprosessar, og leggje til rette for samhandling nasjonalt. Samspelet krev òg at vi byggjer opp nødvendig kompetanse på tvers av profesjonar og nivå, og finn formålstenlege finansieringsløysingar som understøttar samarbeid og nye tenester.

Strategisk mål

Helse Vest skal bruke private aktørar til å byggje opp om vår felles helseteneste som ein samordna og strategisk del av verksemda.

Bakgrunn og utfordring

Private aktørar i helsesektoren, det vere seg avtalespesialistar, ideelle og kommersielle aktørar, er ein viktig del av og eit viktig supplement til dei offentlege helsetenestene. Dei står for ein stor del av spesialisthelsetenestene på Vestlandet, og i framtida må vi nytte potensialet knytt til desse betre. Helse Vest skal ha ei strategisk og bevisst haldning til korleis private aktørar kan skape synergieffektar, og bidra med kapasitet, kompetanse og innovasjon. 

Utviklingsretning

Helse Vest skal i større grad bruke dei private aktørane som eit bidrag til mangfald, tilgjengelegheit, innovasjon, effektivisering, konkurranse, samanlikning og læring. Dei skal bli ein meir samordna del av den offentlege helsetenesta og nyttast inn mot dei strategiske satsingsområda. Føresetnaden for å bruke private aktørar er at innbyggjarane som høyrer til Helse Vest skal få best mogleg tenester med dei ressursane ein har tilgjengeleg. 

Dei private må ha felles eigarskap til og plikter overfor samfunnsoppdraget og dei økonomiske rammene. Det inkluderer ansvaret for å sikre utdanning, opplæring, forsking og innovasjon. Avtalar og samarbeid med dei private skal derfor vere behovsstyrt og innovasjonsfremjande. Rammevilkåra skal vere likeverdige og føreseielege. Finansieringa og vilkåra bør samtidig balansere behovet dei private har for å kunne gjere forsvarlege investeringar, med behovet helseføretaket har for å gjere endringar og tilpasse tenestetilbodet. Dei involverte føretaka må òg ha ei aktiv rolle når ein skal inngå og følgje opp avtalane. 

Private skal kunne ta del i standardiserte pasientforløp og vere ein del av løysinga for å redusere ventetider. Heile behandlingsforløp, kliniske og administrative tenesteområde og institusjonar kan vere aktuelle for privat drift. Saman med private og andre aktørar kan helseføretaka byggje opp ei helseklyngje innanfor forsking og innovasjon på Vestlandet, og utvikle seg som nasjonal og internasjonal aktør.

Vi skal byggje opp om vår felles helseteneste, der mellom anna ansvarslinjer, kommunikasjonsløysingar og fagleg samarbeid blir viktigare. Dei private aktørane må derfor ta del i, og vere forplikta til, arbeidet med og løysingane knytte til standardisering, informasjonsutveksling og IKT. 

Strategisk mål

Vi må gjere spesialisthelsetenestene og spesialistkompetansen meir tilgjengeleg, og bruke digitalisering, automatisering og virtuelle tenester når det er mogleg og formålstenleg. 

Bakgrunn og utfordring

Helseføretaka er gode på dei «fysiske» helsetenestene, men har potensial for å utvikle, drifte og samarbeide betre om «virtuelle» helsetenester i framtida. Med virtuelle helsetenester meiner vi i dag å førebyggje, diagnostisere, behandle og følgje opp pasientar ved bruk av digitale verktøy og kommunikasjonsteknologiar. Mykje skal bli digitalisert og automatisert, og Helse Vest må utvikle seg i tråd med dette. Det vil mellom anna krevje digital modenskap og ei god digital plattform.

Mange av dei store, tunge systema våre er ikkje godt nok tilrettelagd for brukarane. Dei må ofte legge inn nødvendig informasjon fleire stader i fleire system, og når dei skal hente ut informasjon får dei ofte meir enn nødvendig – noko som blir oppfatta som støy. Vi må derfor utvikle arbeidsflater som er tilpassa arbeidsoppgåvene og som fungerer på ein tenleg måte. I dette ligg òg behovet for betre kontroll og eigarskap rundt data- og informasjonselementa. Nye løysingar må bli utvikla med tettare involvering av medarbeidarane og pasientane, og bli gjort på ein enklare og raskare måte enn før.  

Utviklingsretning

Ein langt større del av helsetenestene skal finne stad i heimen til den enkelte pasienten. Helse Vest skal ta i bruk nye teknologiske løysingar og bruke digitalisering, automatisering og virtuelle tenester der det er mogleg. Innleggingar og fysiske konsultasjonar skal ikkje finne stad dersom tenesta kan ytast virtuelt med like godt eller betre resultat. Kunnskap og kompetanse som byggjer opp om denne utviklinga skal sikrast, og prosessar og organisering må tilpassast. 

Føretaksgruppa har over fleire år investert betydelege i både IKT-, tele- og signalløysingar, samt medisinsk utstyr. Ikkje minst har investeringane i bygg vore store, og fleire store prosjekt er ferdigstilte. Potensialet for å auke gevinstane frå slike investeringar er stort. Vi skal derfor jobbe meir med å hente ut gevinstar frå pågåande og gjennomførte investeringar for å dempe behovet for nye investeringar. Vi kan òg få meir ut av våre eigne satsingar ved å etablere meir formålstenlege strukturar og data for innovasjons- og forbetringsarbeid. 

Både spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta står føre ei storstilt digitalisering og satsing på teknologi. Vi må derfor støtte opp om og følgje nasjonale initiativ og anbefalingar. Samtidig må vi etablere nye leveransemodellar for smidigare utvikling og raskare innføring av nye teknologiske løysingar. Det vil utfordre både organisasjonen og den enkelte medarbeidaren. 

Oppsummert, skal vi

  • styrke tilbodet av digital tenester til pasientane og dei pårørande

  • tilby verktøy og arbeidsflater tilpassa brukarrollene og den aktuelle konteksten

  • auke nytten av eksisterande teknologi og dei store investeringar som Helse Vest har gjennomført

  • etablere løysingar for samhandling, i tråd med nasjonale anbefalingar

  • etablere strukturar og leggje til rette data for deling, forsking, innovasjon og anna forbetringsarbeid

  • etablere nye leveransemodellar for smidig utvikling og raskare innføring av forbetra løysingar 

Strategisk mål

Helse Vest skal bidra til at Noreg er blant dei leiande landa innanfor helseforsking, helseinnovasjon og anvend teknologi. 

Bakgrunn og utfordring

Forsking er ei av dei fire lovpålagde hovudoppgåvene for helseføretaka og heng tett saman med innovasjon og tenesteutvikling. Riktig satsing på dette området er ein grunnleggjande føresetnad for å gjennomføre dei strategiske satsingane og realisere den nødvendige utviklinga. Strammare økonomiske rammer krev at vi prioriterer forskingsprosjekta som gir mest nytte, og at vi sikrar samanhengen mellom forsking og det å ta i bruk forsking og nye idear i praktisk pasientbehandling. 

Behovet for innovasjon og tenesteutvikling aukar, og krava om kvalitetsforbetring har blitt tydelegare. Utviklinga knytte til økonomi og tilgang på helsepersonell gjer det samtidig nødvendig å satse på og byggje kultur for innovasjon som reduserer ressursbruken. Vi må derfor utføre meir forsking som understøttar innovasjon og tenesteutvikling, men òg basere utviklinga på andre metodar.  

Utviklingsretning

For å sikre gode og berekraftige helsetenester også i framtida er det nødvendig å dra nytte av alle gode krefter. Vi må derfor samarbeide med akademia, kommunar, brukarorganisasjonar og næringsliv om både forsking og innovasjon. Vi må bruke anskaffingsprosessar som bygg opp om samarbeid og innovasjon, dra betre nytte av kompetansen til pasientane og lyse ut midlar til forskings- og innovasjonsprosjekt som kan auke kvaliteten, produktiviteten og anna nytte

Den regionale forskings- og innovasjonsstrategi i Helse Vest vektlegg samhandling mellom alle helseføretaka, universiteta og høgskulane, instituttsektoren, kommunane og norsk næringsliv. Strategien peikar på seks mål Helse Vest skal jobbe for i perioden 2020–2023, der innovasjon kan eller må spele ei viktig rolle for å gjennomføre nødvendige endringar. Samarbeidet mellom Helse Vest RHF, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og VID vitenskapelige høgskole er òg løfta fram gjennom ein eigen avtale om forsking, innovasjon og utdanning. 

Helse Vest har to av seks universitetssjukehus i Noreg. Sjølv om dei to universitetssjukehusa står for den største delen av forskinga, er dei andre helseføretaka likevel nasjonalt konkurransedyktige når det gjeld kvalitet og relevans på utvalde forskingsområde. Her bidreg òg private aktørar, som HDS. Dei fire helseføretaka har eigne strategiar og planar for forsking, i tillegg til å vere omfatta av den regionale forskings- og innovasjonsstrategien. 

Dei siste åra har auka omfang og bruk av klinisk pasientretta forsking, helsetenesteforsking, innovasjon, brukarmedverknad og nasjonalt og internasjonalt samarbeid stått sentralt i oppdragsdokumenta frå Helse- og omsorgsdepartementet til dei regionale helseføretaka. Dette er eit tydeleg satsingsområde for Helse Vest som skal gi betre kvalitet, pasienttryggleik, kostnadseffektivitet og meir heilskaplege pasientforløp. 

Dei fire strategiske hovudmål i utviklingsplanen

    Last updated 3/22/2024