We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Helse Vest
Strategi for digitale helsetenester 2023-2026
Digitale helsetenester skal bidra til at fleire pasientar kan få god og tilpassa helsehjelp og oppleva auka meistring og involvering i eiga helse. Helsepersonellet skal oppleva ein enklare kvardag ved at dei i større grad kan fokusera på pasientane som har størst behov og bruka mindre tid på dokumentasjon.
Tidsbruk til dokumentasjon blir enklare og tek kortare tid, samtidig som dokumentasjonsplikta blir overhalden
Helsepersonellet kan bruka mindre tid på konsultasjonar med pasientar som har lite nytte av fysisk konsultasjon og får dermed meir tid til pasientar med større nytte.
God avgjerds- og prosess-støtte gjennom bruk av digitale verktøy
Opplever at helsetjenester som ytes ved hjelp av digitale verktøy gir god og trygg helsehjelp og er tilpasset til behovet
Opplever at tjenestene er enkle å bruke og har god funksjonalitet
Opplever økt mestring av egen sykdom
Opplever at samhandlingen med sykehuset er mer effektiv og at man sparer tid til reiser og til konsultasjoner som ikke er nødvendige
Pasientane bidreg til dokumentasjonsarbeidet slik at helsepersonellet blir avlasta
Konsultasjonar med fysisk oppmøte blir erstatta med digitale kontaktar når dette gir like god helsehjelp
Auka del pasientar gjennomfører nettbasert behandling innanfor psykisk helsevern og andre utvalde pasientgrupper.
Betre samhandling mellom ulike nivå i helsetenestene
Redusera pasientreiser
Strategi for digitale helsetenester beskriv tiltak som må gjennomførast for å utnytta potensialet til digitale helsetenester – å forenkla kvardagen til helsepersonellet og bidra til at fleire pasientar kan få god og tilpassa helsehjelp.
Ved utvikling av digitale helsetenester skal prioriteringskriteria for spesialisthelsetenesta blir følgd – nytte, ressursbruk og alvor.
Me må kunna tilføra mest mogleg nytte for flest mogleg pasientar for på den måten å bidra positivt til kapasitetsutfordringane i sjukehusa.