Vi bruker informasjonskapslar
Vi bruker informasjonskapslar for at nettsidene våre skal fungere.
Les meir om informasjonskapslane våre
We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
Back to frontpage helse-vest.no
Diagram

Om klarspråk og språkprofilen

Vi skal bruke klarspråk i alle tekstar, slik at lesarane våre forstår oss og føler at dei blir varetekne. Språkprofilen gjeld for deg som skriv til pasientar og pårørande, til fagpersonar og internt i Helse Vest.

Kvifor treng vi ein språkprofil? 

Språkprofilen er ei rettleiing i korleis vi skal skrive i Helse Vest. Vi skal bruke klarspråk i alle tekstar, slik at lesarane våre forstår oss og føler at dei blir varetekne. Språkprofilen gjeld for deg som skriv til pasientar og pårørande, til fagpersonar og internt i Helse Vest. 

Språkprofilen skal hjelpe oss til å ta omsyn til lesarane våre. Måten vi skriv på, skal bidra til at pasientar, pårørande og medarbeidarar opplever oss som profesjonelle, trygge og nære.  

Klarspråk 

  • fremmar tilliten pasientane har til oss 
  • gjer det lettare å samarbeide på tvers av fag 
  • minskar faren for feil og misforståingar 
  • sparer tid og pengar 

 

Kva er klarspråk? 

Klarspråk er korrekt, tydeleg og brukartilpassa kommunikasjon. Ein tekst er skriven i klarspråk når lesarane 

  • finn det dei treng (tydeleg struktur) 
  • forstår det dei finn (tilpassa språk) 
  • kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal (tydeleg funksjon) 

 

Kjelde: Språkrådet 

 

Korleis bruke språkprofilen 

Språkprofilen har to hovuddelar. 

Slik skriv vi klart: Her finn du fire retningslinjer for å gjere tekstane enklare å lese for mottakaren.  

Slik skriv vi korrekt: Her finn du eit utval skrive- og teiknsettingsreglar, til dømes korrekt skrivemåte for teikn, tal og forkortingar. Ofte finst det fleire korrekte skrivemåtar. I desse tilfella tilrår språkprofilen éin skrivemåte som skal vere felles for Helse Vest. 

Kjelder 

Stavanger kommune 

Språkrådet 

Klarspråk i KS (kommunsektorens organisasjon)

NTB Arkitekst 

Kontakt oss om klarspråk

 

Last updated 11/19/2024