We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Revisjonsutvalet

Revisjonsutvalet er eit underutval av styret i Helse Vest RHF og har eit særleg ansvar for å støtte styret til å utøve god verksemdstyring gjennom tilsyn med risikostyring og internkontroll i føretaksgruppa.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Revisjonsutvalet består av tre medlemmar valde av og blant styret sine medlemmer. Utvalet blei førs​te gong oppretta i 2005 og får sin instruks frå styret.

 

Instruks for revisjonsutvalet

Instruks for internrevisjonen

Internrevisjonen og internrevisjonsrapportar

Føre tilsyn med at det er etablert risikostyring og internkontroll som kan bidra til å sikre:

  • målretta og kos​​tnadseffektiv bruk av ressursar
  • påliteleg styringsinformasjon
  • etterleving av regelverk, eigarkrav og eigne vedtekne krav (mellom anna etikk)
  • oppfølging og læring av feil og avvik rapportert frå interne og eksterne tilsyns- og kontrollinstansar.
  • sjå etter at Helse Vest har ein uavhengig og effektiv intern revisjon

Du vil finne møtep​rotokollar og andre saker frå utvalet som del av dei ordinære styrepapira i Helse Vest RHF.

Internrevisjonen i Helse V​est RHF er sekretær for revisjonsutvalet.

Oddvar Kaarbøe
Utvalsleiar i revisjonsutvalet. Nestleiar i Helse Vest RHF sitt styre.

Wenche Røkenes
Medlem i revisjonsutvalet. Styremedlem i Helse Vest RHF sitt styre.

Anne Karin Hamre
Medlem i revisjonsutvalet. Styremedlem i Helse Vest RHF sitt styre.

Last updated 3/4/2024