We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest
Diagram

Slik skriv vi korrekt

Ein tekst med mange stave- og grammatikkfeil kan svekke truverdet vårt som avsendar. Eit korrekt språk gir eit godt heilskapsinntrykk, og gjer at vi unngår misforståingar og irritasjon. Følg skrivereglane, og bruk ordbok og andre hjelpemiddel om du er i tvil.

1. Språk og målform 

Arbeidsspråket vårt er norsk, og vi skal følge offisiell norsk rettskriving i tekstane våre. I nokre tilfelle kan vi bruke engelsk, som til dømes i forskingstekstar og i tekstar retta mot pasientar og pårørande som ikkje kan norsk.  

Bokmål eller nynorsk? 

Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde, Helse Vest IKT, Sjukehusapoteka Vest og Helse Vest RHF skal skrive nynorsk. Helse Stavanger har nøytralt tenestespråk og skal veksle mellom nynorsk og bokmål. 

 

Hugs!

Når du skal svare på eit brev eller ein e-post, er hovudregelen at du svarer på same målform som innsendaren bruker (jamfør språklova). 

 

Ver konsekvent 

Norsk rettskriving tillèt ulike måtar å skrive på, men det er viktig å vere konsekvent i kvar enkelt tekst. Ver ekstra merksam på det når fleire samarbeider om teksten. 

Bruk dei same bøyingsendingane og skrivemåtane for enkeltord: 

.
Bokmål Nynorsk

frem/fram 

ei sol / en sol 

sein/sen 

å svelge / å svelgje 

å sitte / å sitta 

me/vi 

 

Andre språk 

Alle har rett på informasjon om eiga helse, sjukdom og behandling på eit språk dei forstår. Viss det er nødvendig, skal vi omsette tekstane våre til andre språk enn norsk.  

 

2. Stor og liten forbokstav 

Er du i tvil, er ofte liten forbokstav det rette.  

NB! Det skal vere stor forbokstav i starten av ei setning og på skilt. 

 

Namn med fleire ledd 

I namn med to eller fleire ledd skal det vere stor forbokstav berre i første ledd: 

.
  • Stavanger universitetssjukehus 
  • Nye metoder 
  • Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling 

 

Unntaket er viss det andre leddet er eit eigennamn: 

.
  • Universitetssykehuset Nord-Noreg 
  • Sjukehuset Østfold

 

Utval og komitear 

Utval og komitear blir skrivne med liten forbokstav: 

.
  • regionalt brukarutval 
  • ungdomsrådet 
  • klinisk etikk-komité 

 

Tenester og senter 

Kompetansetenester og -senter blir skrivne med stor forbokstav i første ledd: 

.
  • Nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskadebehandling 
  • Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking (KORFOR) 

 

Einingar 

Einingsnamn, som namn på avdelingar, klinikkar og seksjonar, skal vi som hovudregel skrive med liten forbokstav. Skriv heile namnet på avdelinga, og unngå forkortingar: 

.
  • prehospital klinikk 
  • fødeavdelinga 
  • barne- og ungdomsklinikken 
  • divisjon for driftsservice 

 

Unntaket er viss namnet, eller første ledd i namnet, er eit eigennamn: 

.
  • Gausel poliklinikk 
  • Veksthuset 

 

Tips!

Er du i tvil om eit namn skal ha stor eller liten forbokstav, kan du ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga. 

 

Stillingstitlar 

Stillingstitlar skal vi skrive med liten forbokstav. Det gjeld også i signaturen i e-post og på visittkort: 

.
  • administrerande direktør 
  • overlege 
  • rådgivar 
  • fagutviklingssjukepleiar 
     
    Med vennleg helsing 
     
    Ola Olesen
    overlege, ph.d. 
    ortopedisk avdeling 

 

Prosjekt, dokumenter, rapportar og artiklar 

Desse skal vi skrive med stor forbokstav og i kursiv: 

.

Det står i den regionale rapporten Berekraftig utvikling for fødekapasitet på Vestlandet. 

Programmet Heliks starta for ti år sidan. 

 

Kortforma av namnet skal ha liten forbokstav og skal ikkje vere i kursiv. Kortform er ikkje det same som forkorting, men ein kortare versjon av til dømes ein tittel på eit dokument. 

Den fulle tittelen er eit eigennamn som vi skal skrive med stor forbokstav og kursiv:  

.
Utviklingsplan for Helse Stavanger 2022–2035  

 

Kortforma skal vi skrive med liten forbokstav utan kursiv:  

.
utviklingsplanen  

 

Lover, avtalar og forskrifter 

Grunnlova blir skriven med stor forbokstav. Andre lover, avtalar og forskrifter skal som regel ha liten forbokstav: 

.

Det står i lov om pasient- og brukarrettar.  

Offentlege organ skal kommunisere på eit klart språk, ifølge språklova.  

 

3. Dato, klokkeslett og telefonnummer 

Dato 

Den offisielle norske skrivemåten for datoar har rekkefølga dag-månad-år.  

I løpande tekst skal vi skrive dato med siffer og bokstavar: 

.
1. januar 2024

 
I brev, saksdokument og liknande kan vi skrive dato med åtte siffer: 

.
01.01.2024  

 

Ordet «den» bruker vi når vi ikkje nemner månaden: 

.
Lønn blir utbetalt den 20. kvar månad. 

 

Tips!

Rekkefølga år-månad-dag er internasjonal standard og kan brukast ved til dømes utveksling av data og i kronologiske lister. 

 

Klokkeslett 

Vi skriv klokkeslett med fire siffer og punktum mellom timar og minutt: 

.

08.00

21.30 

 

Telefonnummer 

Vi skriv telefonnummer i grupper på to og to siffer. Det gjeld for både fasttelefon- og mobilnummer: 

.

51 96 38 00 

90 36 04 60

 

4. Tal og beløp 

Tal til og med tolv skriv vi som regel med bokstavar:  

.

Det var tre pasientar som venta.  

Elleve studentar møtte opp til forelesinga. 

 

Om talet er det viktigaste i setninga, kan du bruke siffer for å framheve talet: 

.
Klagefristen er på 2 veker. 

 

Tips!

I tabellar og tekstar med mange tal bør du skrive alle tala med siffer. 

 

Unngå å blande bokstavar og siffer i same setning. Vel éin av delane: 

.
Unngå Vurder heller

Åtte av 13 pasientar møter til timen. 

Åtte av tretten pasientar møter til timen. 

8 av 13 pasientar møter til timen.

 

 
Firesifra tal skriv vi utan mellomrom: 

.
Bedriftsidrettslaget har 3200 medlemmer.  

 

Store tal med fem siffer eller meir skriv vi med mellomrom mellom kvart tusen: 

.

I 2022 blei det fødd 52 011 barn i Noreg.  
Bergen har rundt 291 000 innbyggarar. 

 

Tips!

Ikkje splitt store tal på fleire linjer. Bruk hardt mellomrom (Ctrl+Shift+mellomrom) for å halde talet samla. 

 

 

5. Forkortingar 

Unngå forkortingar i løpande tekst: 

.
Unngå Vurder heller
o.l., mtp og liknande, med tanke på

Unntaka er viss du bruker forkortinga i staden for å gjenta lange namn, eller viss forkortinga er meir kjend for lesaren enn det fulle namnet eller uttrykket. I desse tilfella bør du skrive det fulle namnet i parentes første gong du nemner det:

.
HMS (helse, miljø og sikkerheit) 

 
Viss du må bruke forkortingar, skriv dei rett: 

.
ca. cirka
dvs. det vil seie
et. etasje
ev. eventuelt
f.eks. for eksempel
ism. i samband med
jf. jamfør
m.a. mellom anna
md. månad
mill. million
mtp. med tanke på
mv. med vidare
nr. nummer
osv. og så vidare
pga. på grunn av
ph.d. philosophiae doctor
t.d. til dømes
tlf.  telefon

 Det skal ikkje vere punktum i forkortingar for mynteining (kr), mål (cm) og vekt (kg). 

 

6. Orddeling og særskriving 

Vi skriv samansette ord som eitt ord på norsk.  

Orddeling er å dele opp eit ord med bindestrek og linjeskift. Pass på at du plasserer bindestreken rett: 

  • Du kan dele mellom ledda i ordet. 
  • Du kan dele før ein konsonant. Set ein konsonant ned på neste linje saman med resten av ordet. 
.
Unngå Vurder heller
ordd-eling, sykepl-eier, kons-onant ord-deling, sjuke-pleiar, konso-nant

 

Særskriving er å dele opp samansette ord utan å sette bindestrek mellom. Det er feil på norsk. 

Ver merksam på særskrivingsfeil som dette: 

.
Unngå Vurder heller
pasient informasjon og nevro kirurg  pasientinformasjon og nevrokirurg

 

Ofte kan du unngå særskrivingsfeil ved å snu om på formuleringa: 

.
Unngå Vurder heller
gastro sjukepleiar sjukepleiar på gastromedisinsk avdeling

 

Hugs!

Skriv ordet som eitt ord dersom du uttaler det som eitt ord.  

 

7. Og/å 

Etter «å» skal det alltid følge eit verb i infinitiv. «Og» knyter saman ord eller ordgrupper av same type eller med same funksjon. «Og» kan også stå mellom to verb i infinitiv: 

.

I avdelinga vår skal vi lære å samarbeide og utveksle erfaringar. 

Jenta vil lære å lese og skrive. 

 

Tips!

Set setninga om til engelsk. Der du ville brukt «to» på engelsk, bruker du «å», og der du ville brukt «and» på engelsk, bruker du «og».  

 

8. Utheva tekst 

Overskrifter 

Overskrifter blir skrivne med stor forbokstav i første ord, og deretter små bokstavar. Det skal ikkje vere punktum etter ei overskrift.  

 

Hugs!

Vi skal ikkje bruke store bokstavar, understreking, feit skrift eller kursiv for å markere overskrifter. Bruk overskriftverktøyet i skriveprogrammet til å formatere overskrifter. Då blir dei også formaterte i tråd med reglane for universell utforming av tekst.  

 

Kursiv 

I løpande tekst bruker vi kursiv når vi skriv namn på publikasjonar, planar og styringsdokument:  

.
Regional utviklingsplan 2023–2035 

 

Feit skrift 

Vi kan bruke feit skrift til å skilje ut viktig informasjon i ein tekst:  

.
Ved undersøking av mageregionen skal du ikkje ete mat eller drikke noko dei siste 4 timane før undersøkinga.  

 

Store bokstavar 

Store bokstavar i løpande tekst kan bli oppfatta som aggressivt eller som roping: 

.
Unngå
VIKTIG: VI HAR LANGE VENTETIDER 

 Bruk heller feit skrift eller overskrifter viss du ønsker å utheve informasjon.  

 

Understreking 

Understreking bruker vi for å markere lenker i ein tekst.  

 

Punktlister 

Punktlister med stikkord eller korte fraser skal ha liten forbokstav og ikkje ha punktum. Punktlister med fullstendige setningar skal ha stor forbokstav og punktum. 

Bruk kolon dersom du også ville brukt kolon om oppramsinga var i ei vanleg setning. Her er døme på punktlister med og utan kolon: 

.

Det viktigaste oppdraget til helseføretaka er 

  • pasientbehandling 
  • utdanning  
  • forsking 
  • opplæring av pasientar og pårørande 

Yrkesgrupper: 

  • sjukepleiar 
  • ernæringsfysiolog 
  • sosionom 

Viktig å hugse på før operasjon: 

  • Du må ikkje ete mat eller drikke mjølkeprodukt etter kl. 24.00 kvelden før operasjonen. 
  • Viss du bruker faste medisinar, skal du ikkje ta desse om morgonen på operasjonsdagen. 

 

Punktlister med nummer bruker vi berre dersom rekkefølga har noko å seie: 

I denne teksten kan du lese om kva du skal gjennom 

.

I denne teksten kan du lese om kva du skal gjennom 

  1. før operasjon 
  2. under operasjon 
  3. etter operasjon 

 

Hugs!

Punkta i ei punktliste skal ha same form. Bruk anten setningar eller stikkord, ikkje ei blanding. 

 

9. Teikn 

Komma 

Er du usikker på kvar du skal sette komma, kan det vere lurt å lese setninga høgt.  

 

Tips!

Bruk ofte komma før «og», og alltid før «men». 

 

Ofte skal du bruke komma når 

  • det er naturleg med ein pause  
  • pausen kjem før eit verb i notid eller fortid  
  • setninga inneheld ord som «at», «viss», «når», «dersom», «som», «kva» og «korleis» 
.

Når du er klar, kan portøren frakte deg til operasjonsstova. 

Dersom du skal gi blod, må du vere frisk.  

 

Kolon : og semikolon ; 

Vi bruker kolon til å peike på det som kjem etter. Viss det som kjem etter kolon er ei setning eller eit eigennamn, skal det vere stor forbokstav etter kolon. Elles skal det vere liten forbokstav: 

.
Desse skal vere med på møtet: avdelingssjukepleiaren, avdelingsoverlegen og LIS-legane. 
 
Det blir ikkje tydelegare: Sjukehusa må gjere det dei kan for å rekruttere nye medarbeidarar.  

 

Semikolon kan brukast for å knyte saman to heilsetningar som heng nært saman. Teiknet er ein mellomting mellom punktum og komma, og kan ikkje brukast på same måte som kolon. Semikolon er aldri obligatorisk, og det er ofte betre å bruke komma eller punktum.  

Det skal vere liten forbokstav etter semikolon:  

.
Eg fekk e-posten din; du får svar i løpet av veka. 

 

Bindestrek - og tankestrek – 

Bindestrek og tankestrek er to ulike teikn som vi bruker på ulike måtar.  

Hovudregelen er at vi skal skrive samansette ord som eitt ord. Av og til treng vi likevel bindestrek for å binde saman ord. Det gjeld når det samansette ordet inneheld forkortingar, eigennamn eller siffer: 

.

Nye SUS-møtet

HMS-ansvarleg 

 

Vi bruker også bindestreken der første eller siste ledd er felles for fleire ord:  

.

sjukdomsforløp og -behandling 

helse- og sosialkontora

sommar-, vår- og vintersesongen 

 

Vi bruker tankestrek når vi angir strekning, tidsrom, periode eller omfang: 

.

09–15

måndag–fredag

perioden 2020–2030 

strekninga Haugesund–Førde 

 

I setningar kan du bruke tankestreken for å tilføye noko og lage ein kunstpause, eller når du vil legge til ekstra informasjon. Komma er førstevalet i desse tilfella, men vi kan bruke tankestreken til å framheve informasjonen ytterlegare. Då skal det vere mellomrom på begge sider av tankestreken: 

.

Guten – som var tolv år – var innlagt på barneavdelinga.  

Smitten kan halde fram med å auke framover – blant både medarbeidarar og pasientar. 

 

Tips! 

Når vi siterer frå skriftlege kjelder, bruker vi hermeteikn. Sitatstrek (tankestrek) blir brukt i sitat i intervju og skjønnlitterære tekstar. 

 

Slik lagar du tankestrek/sitatstrek på tastaturet: 

  • PC: Alt + 0150 (på numerisk tastatur) 
  • Mac: Alt + bindestrek 

Fleire tekstbehandlingsprogram gjer bindestrek automatisk om til tankestrek viss det er mellomrom før og etter. Du kan også lage din eigen hurtigtast i Office.  

 

Hermeteikn « » 

Vi bruker hermeteikn ved korte sitat. Sitat på over tre linjer markerer vi med innrykk og mindre skriftstorleik (utan hermeteikn).  

Hermeteikn blir også brukt ved uttrykk som ikkje følger norma eller blir brukte på ein uvanleg måte. Utanlandske ord i norsk tekst blir markerte med kursiv, men hermeteikn blir òg brukt. 

 

Apostrof 

Vi bruker apostrof berre når vi skal angi eigarskap etter ord som sluttar på «s», «x» eller «z». 

Vurder i slike tilfelle om du kan skrive om setninga slik at du unngår apostrof: 

.
Unngå Vurder heller
Sandnes’ innbyggarar  innbyggarane i Sandnes  
SAS' flyruter  flyrutene til SAS

 

Prosentteikn % 

I løpande tekst skriv vi «prosent» med bokstavar. I budsjettdokument og liknande kan vi bruke teiknet «%». Bruk mellomrom mellom sifferet og teiknet: 

Slik skriv du med bokstavar:  

.
I 2018 auka talet på tilvisingar til sjukehuset med 1,8 prosent.  

 

Slik skriv du med teikn:  

.
I 2018 auka talet på tilvisingar til sjukehuset med 1,8 %. 

 

Skråstrek / 

Skråstreken kan bety både «og» og «eller». I samanhengande tekst bør du unngå å bruke skråstrek, særleg viss det er uklart kva teiknet står for. Viss du må bruke skråstrek, til dømes for å spare plass, er det greitt å vite at skråstreken tradisjonelt betyr «eller». 

Bruk mellomrom når det er fleire ord på éi eller begge sider av skråstreken. 

Her betyr skråstreken «eller»: 

.
lege/sjukepleiar, han/ho 

Her betyr skråstreken «og»: 

.
vinteren 2023/2024  

Her består det eine alternativet av fleire ord: 

.
kjem / kjem ikkje 

 

10. Slik lagar vi namneiningar 

Namn på einingane i sjukehusa skal vere klare og forståelege for pasientar og pårørande: 

  • Vel norske namn så langt det lèt seg gjere.  
  • Ikkje bruk forkortingar. Skriv alle namn heilt ut («øre-nase-hals-avdelinga», ikkje «ØNH-avdelinga»). 
  • Der det er mogleg, skal vi unngå at namnet startar med «avdeling for» og «poliklinikk for». Då blir det enklare å liste opp avdelingane alfabetisk.  
  • Einingsnamnet kan ikkje alltid romme alt av behandling og fag. Legg vekt på hovudaktiviteten. 
  • Unngå bokstav- og talkodar («sengepost 2AB»).  
  • Hugs at det berre er namnet på føretaket som skal ha stor forbokstav. Alle einingar skal skrivast med liten forbokstav. Les meir under «Stor og liten forbokstav». 
  • Følg Språkrådets skriveråd. 

Sjå retningslinja for einingsnamn i føretaket ditt for meir informasjon.  

Last updated 12/18/2024