Helse og arbeid
- betre helse, jobbmeistring og livskvalitet.
Helse og arbeid består av arbeidsretta behandlingstilbod. Det er i hovudsak eit behandlingstilbod for personar med psykiske lidingar (angst, depresjon) og muskel- og skjelettlidingar.
Formålet med arbeidsretta behandling er å bidra til betre helse og arbeidsevne, og betre jobbmeistring og livskvalitet. Behandlinga har både helse og arbeid/utdanning som mål.
Behandling og arbeidsretta bistand skal skje samtidig. Målgruppene for behandlingstilbodet er personar med rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta, der det blir vurdert å vere auka fare for funksjonsfall utan tilbod om arbeidsretta behandling.
Tilbodet blir gitt i sjukehusa våre og i private leverandørar innanfor psykisk helse og rehabilitering. Fastlegar og andre tilvisarar skal tilvise aktuelle pasientar til spesialisthelsetenesta, og tilvisingane vil handterast på vanleg måte. Retten til behandling vil vurderast i tråd med gjeldande prioriteringsprinsipp.