We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Pakkeforløp

Eit pakkeforløp er eit standard pasientforløp som skal vere likt for alle. Pakkeforløpet skal sikre rask utgreiing og oppstart av nødvendig behandling av pasienten, og hindre ventetid.

Pakkeforløp er nasjonale standardiserte pasientforløp som beskriv organisering av utgreiing og behandling, kommunikasjon/dialog med pasientar og pårørande, og ansvarsplassering og konkrete forløptider.

Eit pakkeforløp skal gi pasientane ein heilskapleg og samanhengane beskriving av kontaktane deira med ulike delar av helsetenesta i løpet av ein sjukdomsperiode. Sentralt i pakkeforløp er forløpkoordinatorar som skal sikre oppfølginga til kvar enkelt pasient og sørgje for kontinuitet i heile forløpet. ​

Det er utvikla pakkeforløp innanfor både somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

Pakkeforløp for kreft

Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Sjå alle pakkeforløpa på helsedirektoratet.no

Sjå informasjon om pakkeforløpa på sjukehusas nettsidar.

 

Last updated 9/30/2024