We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Regionalt redelighetsutvalg

Regionalt redelighetsutvalg har ansvar for å behandle saker om moglege brot på anerkjente forskingsetiske normer.

Felles redelighetsutvalg i Helse Vest dekkjer følgjande institusjonar:

  • Helse Stavanger HF
  • Helse Fonna HF
  • Helse Bergen HF
  • Helse Førde HF
  • Haraldsplass Diakonale sykehus
  • NKS Olaviken
  • Betanien sykehus
  • Haugesund Revmatismesykehus
  • Solli DPS
  • Jæren DPS

I april 2017 trådde ny forskingsetikklov i kraft. Lova slår fast at forskingsinstitusjonanene i landet skal behandle alle saker om moglege brot på anerkjente forskingsetiske normer. Forskingsintitusjonanene skal i denne samanhengen opprette eit "redelighetsutval" som skal behandle slike saker, jf. forskningsetikkforskriften​. Redelighetsutvalet vil vere eit fagleg uavhengig utval, og kan ikkje instruerast av institusjonane. 

Utvalet skal ta stilling til:

a) om forskaren har opptredd vitenskapeleg ureieleg eller ikkje
b) om det finst systemfeil ved institusjonen og
c) om det vitskapelege arbeidet bør korrigerast eller trekkjast tilbake

Leiar:

  • Geir Sverre Braut, Helse Stavanger HF 

Medlemmer:

  • Bård Eikeset, Helse Førde HF
  • Miriam Hartveit Helse Fonna HF
  • Kristine Sirevåg, Private, ideelle institusjonar
  • Ulrike Waje-Andreassen, Helse Bergen HF​
  • Guido Werner Alves, Helse Stavanger

Varamedlemmer:

  • Haldis Johanne Økland Lier, Helse Fonna HF
  • Anette Susanne Bøe Wolff, Helse Førde HF 
  • Svein Skeie, Helse Stavanger HF

Sekretariat:

  • Kristin Egset Kjøde, Helse Vest RHF
  • Kjersti Døssland, Helse Vest RHF
 
Om representasjon:
 
Representasjon er avgrensa til 4 år. Vara-medlemmer kan likevel bli medlemmer etter 4 år. Vidare kan eit medlem eller vara-medlem som blir vald til leiar av utvalget ha denne funksjonen for 4 nye år. Maksimal representasjon vil difor vere avgrensa til 12 eller 8 år.
 
For å sikre læring og erfaring over tid ynskjer ein at både medlemmer og vara-medlemmer deltar i planlagte møter.
 

Meld inn sak til Redelighetsutvalet

Send e-post til sekretariatet ved fagleder/jurist Kristin Egset Kjøde

 

 

Last updated 2/26/2025