Prisar delte ut på Forskingskonferansen i Helse Vest
Her er oversikta over alle som har fått prisar frå Helse Vest innanfor forsking, innovasjon, kvalitet, forskingsmiljø og yngre forskar. Prisane blir delte ut på den årlege Forskingskonferansen som skjer om hausten. Kriteria for prisane har endra seg gjennom åra.
2024: Forskingspris, innovasjonspris og pris til ung forskar
- Overlege og professor Bjørn Tore Gjertsen fekk Helse Vests sin forskerpris for 2024, for sitt arbeidet med blodkreft og AML-pasienter.
- Innovasjonsprisen gikk til "Barn og unges helseteneste", et prosjekt leie av Ester Marie Espeset og Ingrid Øritsland Våge frå Helse Fonna.
- Ung forskar-prisen gjekk til Miguel German Borda, postdoktor og geriatar ved Stavanger universitetssjukehus og Universitetet i Stavanger, for forskinga hans på Alzheimers sjukdom, demens med Lewylekam og aldring.
- Les samla sak for prisane
2023: Forskingspris og pris til ung forskar
- Forskar og overlege Lars Andreas Akslen fekk Helse Vest sin forskarpris for 2023, arbeidet han gjer og Centre for Cancer Biomarkers gjer innan kreftforsking.
- Prisen for årets unge forskar 2023 går til Siddharth Vivek Shanbhag, for forsking på gjenoppbygging av bein i munnen. Stamcelleterapi gir nye og lovande moglegheiter til pasientar med avansert tap av vev.
- Les samla sak for prisane
2022: Forskingspris, innovasjonspris og pris til ung forskar
-
Innovasjonsprisen i år gjekk til Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest, RAKOS. Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol tok i mot prisen for sin tenesteinnovasjon "Oppfølging av førstehjelpere".
-
Olga Therese Ousdal fekk prisen for hennar forsking innanfor skjeringspunktet mellom radiologi, nevrologi og psykiatri. Forskinga har gitt resultat i ny kunnskap og ei betra forståing av endringar i hjernen ved enkelte psykiske lidingar som depresjon og angst og behandlinga mot dette (elektrosjokk og psykoterapi).
-
Forskingsprisen 2022 blei tildelt Kjell-Morten Myhr, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og professor ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen. Kjell-Morten Myhr får prisen for si framragande og banebrytande forsking på behandling av multippel sklerose.
2021: Forskingspris, innovasjonspris og pris til ung forskar
- Eva Gerdts fekk forskingsprisen for hennar forsking på hjartesjukdom hos kvinner. Innovasjonsprisen gjekk til Khanh Do-Cong Pham for utvikling av avansert endoskopi, mens den nye «Pris til ung forskar» gjekk til Lars Thore Fadnes for hans forsking på personar med ruslidingar og hepatitt C.
2020: Pris til forskar og innovasjonspris
- Pål Rasmus Njølstad, professor ved klinisk institutt 2 ved Universitetet i Bergen og overlege ved barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Fekk prisen for si banbrytande forsking på barnediabetes, der han har identifisert genetiske bakgrunnar for ulike formar for barnediabetes.
- Ralf Kellmann, spesialingeniør ved Haukeland universitetssjukehus, fekk innovasjonsprisen i Helse Vest for ei løysing, "SpecBase", som held orden på enorme mengder analysedata.
2019: Pris til forskar og innovasjonspris
- Eystein Sverre Husebye, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Haukeland universitetssjukehus, fekk forskingsprisen for hans forsking innanfor autoimmune endokrine sjukdommar.
- Christian Moltu, professor ved Høgskulen på Vestlandet og fagsjef ved psykiatrisk klinikk, Helse Førde, fekk innovasjonsprisen for det digitale systemet Norse Feedback.
2018: Pris til forskar og innovasjonspris
- Professor og dr.med. Roald Omdal frå Stavanger universitetssjukehus fekk forskingsprisen for sitt mangeårige arbeid med å finne ei objektiv og vitskapeleg forklaring på fatigue, som rammar pasientar med blant anna autoimmune sjukdommar.
- Lege og forskar Geir Strandenes ved Haukeland universitetssjukehus har gjort innovasjon utav blod og fekk innovasjonsprisen for sitt arbeid. Gjennom sitt prosjekt Blood Far Forward har han endra akuttmedisinsk livreddande behandling både i Helse Bergen og seinare i resten av Noreg og internasjonalt.
2017: Pris til forskar og innovasjonspris
- Forskingsprisen: Professor og overlege Nils Erik Gilhus for Haukeland universitetssjukehus / Universitetet i Bergen for si forsking på muskelsjukdommen myasthenia gravis.
- Innovasjonsprisen: "Klinisk ledelse i team" ved prosjektleiar Øystein Evjen Olsen frå Stavanger universitetssjukehus, kursleiar Sigrun Qvindesland og forskingsansvarleg for følgeforsking, Sissel Eikeland Husebø.
2016: Pris til forskar og innovasjonspris
- Forskingsprisen: Professor og overlege Jan Haavik fekk forskingsprisen for si forsking på vaksne pasientar med ADHD.
- Innovasjonsprisen: Seksjonsoverlege og spesialist i psykiatri, Tone Elise Gjøtterud Henriksen, fekk innovasjonsprisen for oransje brille mot bipolar mani.
2015: Pris til forskingsmiljø og innovasjonspris
- Pris til forskingsmiljø: Forskingsmiljøet «Gynekologisk kreftforskingsgruppe» ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus, leia av professor Helga B. Salvesen
- Innovasjonsprisen: James Lorens, BerGenBio og Universitetet i Bergen, for å utvikle og betre behandlinga av brystkreft
2014: Pris til forskar og innovasjonspris
- Forskingsprisen: Øystein Bruserud for hans forsking innanfor akutt myelogen leukemi (AML)
- Innovasjonsprisen: Tine Nordgreen for eMeistring
2013: Pris til forskar og Innovasjonspris
- Professor Olav Dahl fekk forskingsprisen for sitt årelange forskingsarbeid på kreft.
- Torbjørn Aasen fekk innovasjonsprisen.
2012: Innovasjonspris og Pris til forskingsmiljø
- Innovasjonsprisen: Solfrid Raknes.
- Pris til forskingsmiljø: Fagmiljøet i nevroimmunologi og nevrogenetikk ved Haukeland universitetssjukehus.
2011: Innovasjonsprisen og Pris til forskar
- Innovasjonsprisen: Helga Salvesen og Lars A Akslen.
- Pris til forskar: Dag Aarsland.
2010: Innovasjonsprisen og Pris til yngre forskar
- Innovasjonsprisen: Harald Aurlien.
- Pris til yngre forskar: Charalampos Tzoulis.
2009: Pris for beste forskingsmiljø
- Broegelmanns Forskningslaboratorium ved professor Roland Jonsson.
2008: Kvalitetspris og forskingspris
- Kvalitetspris: Kirurg Jan Erik Varhaug og Det nasjonale kompetansesenteret for multippel sklerose delte kvalitetsprisen.
- Forskingsprisen: Kreftforskar Lars Akslen.
2007: Kvalitetspris og forskingspris
- Kvalitetsprisen: Anne Grimstvedt Kvalvik.
- Forskingsprisen: Helge Ræder.
2006: Forskingspris
- Prisen gjekk til fMRI-gruppa i Bergen ved professor Kenneth Hugdahl.
2005: Pris til forskingsmiljø og Pris til forskar
- Pris til forskingsmiljø: Gastroenterologisk seksjon, Haukeland Universitetssjukehus, ved Arnold Berstad.
- Prisen til forskar: Rolf Berkvig.
2004: Pris til forskingsmiljø og Pris til forskar
- Prisen til forskingsmiljø: Nasjonalt kompetansesenter for bevegelsesforstyrrelser i Helse Stavanger ved Jan Petter Larsen.
- Pris til forskar: Per Eystein Lønning ved Universitetet i Bergen og Avdeling for kreftbehandling i Helse Bergen.
2003: Pris til forskingsmiljø og Pris til forskar
- Pris til et forskningsmiljø: Nasjonalt kompetansesenter for leddproteser ved Ove Furnes.
- Pris til forskar: Per Magne Ueland.
Last updated 11/28/2024