We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Internkontroll og risikostyring

Risikostyring

Prinsipp for risikostyring i Helse Vest vil vere overordna og ei regional forankring der vi forpliktar oss til å drive risikostyring etter anerkjende standardar. Retningslinjer for Risikostyring er prosessretta og gir ikkje føringar på kva område vi skal drive risikostyring på. Dei skal bidra til lik metodikk med omsyn til risikostyring.

Prinsipp for risikostyring i Helse Vest

Retningslinjer for risikostyring i Helse Vest

Risikostyring skal vere ein integrert del av verksemdstyringa i Helse Vest. Organisasjonen og strukturen vår legg til rette for gjennomføring, evaluering og forbetring av risikostyring.

Risikostyring er eit styringsverktøy som skal gi verksemda, leiarar og medarbeidarar ei strukturert tilnærming til å identifisere, vurdere, handtere og kommunisere risiko. Risikostyring understøttar styringsevna og trygger måloppnåinga innan spesialisthelsetenesta sine hovudoppgåver.

Internkontroll

​Helse Vest RHF utarbeidde våren 2008 dokumentet ”Konsept for internkontroll,” som styret i Helse Vest slutta seg til i styremøtet den 7. mai 2008.

Dokumentet bygde på den strategiske retninga i Helse 2020, seinare 2035​​, og gjer greie for korleis Helse Vest RHF organiserer og gjennomfører internkontroll.

​​​​​​​Konsept for internkontroll

Vedlegg til Konsept for internkontroll
Last updated 10/20/2021