Vi ønskjer å yte så god service som råd til media. Ta kontakt med oss i kommunikasjonsavdelinga dersom du treng hjelp til noko. Vi vil hjelpe deg så langt vi kan, eller setje deg i kontakt med andre som kan.
Medievakt er er tilgjengeleg på kvardagar mellom klokka 08:00 og 16:00. For raskast mogleg hjelp er det derfor ein fordel at medieførespurnadane blir gjort i dette tidsrommet.
Logging av mediekontakt
Når vi blir kontakta av media, blir dette logga. Det gjer vi for å kunne følgje opp spørsmåla dine og for å ha oversikt.
I loggen skriv vi namnet ditt, kven som er oppdragsgivar, kontaktinformasjonen din og spørsmåla dine.
Informasjonen er berre tilgjengeleg for dei som jobbar med oppfølging av mediespørsmål og blir sletta etter eitt år.
Er du journalist og ønskjer å få pressevarsler? Då kan du abonnere på nyheiter frå Helse Vest via NTB Kommunikasjon.