Styret har det overordna ansvaret for Helse Vest RHF, inkludert dei fem helseføretaka og IKT-selskapet i regionen. Styret har ansvaret for at oppgåvene i helseføretaka blir løyste til det beste for pasienten.
Hovudoppgåvene til styret er
- den strategiske utviklinga for spesialisthelsetenesta på Vestlandet
- utvikling av helsefagleg kvalitet og tenesteinnhald. Styret skal leggje til rette for eit best mogleg helsetilbod i regionen ved bruk av dei ressursane vi har. På regionalt nivå vil det ofte dreie seg om fellesoppgåver i helseføretaksgruppa.
- organisering og leiing av den samla verksemda i det regionale helseføretaket
- tilsyn og kontroll med verksemd og drift i det regionale helseføretaket, helseføretaka og andre verksemder Helse Vest RHF eig. Styret fører tilsyn med at føretaka driv forsvarleg og arbeidar systematisk med kvalitetsforbetring.
Styret i Helse Vest består av likestilte representantar som er oppnemnde av Helse- og omsorgsdepartementet, og representantar som er valde av og blant dei tilsette.
Last updated 9/23/2024