We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest
Graphical user interface, application

Spesialisthelsetenesta sitt rammeverk for samfunnsansvar

Samfunnsansvaret handlar om korleis spesialisthelsetenesta løyser samfunnsoppdrag sitt i samspel med andre, og korleis verksemda vår påverkar menneske, miljø og samfunn. Vi forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet, og er forplikta til å forvalte desse på ein berekraftig måte.

Vi skal belaste klimaet og miljøet minst mogleg, vere opne om prioriteringar og ressursbruk og sikre anstendige arbeidsforhold hos oss og leverandørane våre. 

Formålet med rammeverket for samfunnsansvar er å klargjere rammene og føringane for korleis spesialisthelsetenesta skal arbeide med samfunnsansvar.

Spesialisthelsetjenestens rammeverk for samfunnsansvar (PDF)​​

Rammeverket for samfunnsansvar gjeld for dei regionale helseføretaka og helseføretaka i Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Vest og Helse Sør-Øst, ​og felleseigde helseføretak.

Arbeidet med samfunnsansvar skal inngå som del av verksemdstyringa i dei regionale helseføretaka og i helseføretaka. Administrerande direktør skal innrette verksemda slik at føringar og krav knytte til samfunnsansvaret blir oppfylte.

Styra har det overordna ansvaret for å sjå til at verksemdene oppfyller gjeldande føringar og krav til samfunnsansvar.​ Dei regionale helseføretaka skal leggje til rette for regional og nasjonal samordning og koordinering av arbeidet med samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta.​

 

 

Felles klima- og miljømål

Hausten 2021 vedtok dei fire regionale helseføretaka felles klima- og miljømål for spesialisthelsetenesta, med tilhøyrande indikatorar. Desse inngår som ein viktig del av rammeverket for samfunnsansvar, og er skildra nedanfor. Måla og indikatorane blir brukte til å følgje opp arbeidet med klima og miljø i helseføretaket (sjukehusa), og underbyggjer tiltaka i Klimameldinga (Meld. St. 13 (2020-2021)).

Langsiktig mål
grønn bakgrunn og en hånd som holder globus

7 delmål i felles klima- og miljøarbeidet for spesialisthelsetenesta

    Last updated 4/10/2024