We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.
logo Helse Vest

Såkornmidlar

Har du ein idé til eit forbetringsprosjekt? Helse Vest deler kvart år ut såkornmidlar til lokale initiativ for å stimulere til pasienttryggleik- og forbetringsarbeid i regionen.


Søknadsskjema (PDF)

 

​Såkornmidlane blir delte ut​ til lokale initiativ som er forankra i helseføretaka og i private, ideelle institusjonar i Helse Vest. Formålet med prosjekta skal vere å prøve ut forbetringstiltak i liten skala, før dei eventuelt kan breiddas ut til fleire einingar.

​Helse Vest deler ut 3,1 millionar kroner i såkornmidlar kvart år.

Helseføretak/institusjonar må sende inn samla søknad, i prioritert rekkjefølgje, til Helse Vest.

Merk at ditt føretak kan ha lokale fristar for innlevering av søknad for å nå den regionale fristen.

Den regionale fristen er 14. mars 2025.​

Nytt for i år er at Helse Vest ønskjer å fremme søknadar som er knytt til Topp 5 risiko-tema eller miljø- og samfunnsansvar.

Vi ønskjer framleis alle ulike søknadar om forbetringsforslag velkommen, men vil i endeleg innstilling halde av midlar til fem søknadar innan Topp 5 risiko eller miljø/samfunnsansvar.

Søknadar kan treffe nokon av dei utvalde områda i Topp 5 risiko 2024:

  • Nytte i digitalisering 
  • Legemiddelområdet 
  • Uønskt variasjon og prioritering 
  • Behalde og rekruttere medarbeidarar 
  • Beredskap

For å stimulere til kvalitetsutvikling i helseføretaka deler Helse Vest kvart år ut såkornmidlar til lokale forbetringsprosjekt. Desse forbetringsprosjekta er lokalt forankra i helseføretaka og i private ideelle instit​​usjonar i regionen. Formålet med prosjekta skal vere at tiltak som er sette skal føre til varig forbetring i eininga.


  • Prosjektet skal ha som mål å forbetre praksis (til dømes ved å forbetre ein prosess som per i dag ikkje fungerer optimalt, implementere ein ny prosess som skal avløyse ein prosess som ein veit at ikkje fungerer optimalt eller utvikle ein ny prosess der ein ventar å oppnå betre resultat enn i dag.
  • Prosjekta bør nytte forbetringsmodellen som metodisk tilnærming.
  • Prosjekta skal ha ei klar målsetjing om kva som skal forbetrast, og når ein skal nå dette forbetringsmålet. Ein må undervegs i forbetringsprosjektet kunne vise til målingar som illustrerer resultat av konkrete tiltak.
  • Prosjekta skal vere tidsavgrensa og moglege å realisere innanfor den økonomiske ramma det er søkt om.
  • Prosjekta skal som hovudregel ha med brukarrepresentant og brukarperspektivet vil bli ​vektlagt.
  • ​Det må vere semje om problemstillinga, som skal forbetrast, i eininga der forbetringsprosjektet skal gjennomførast. Prosjekta må ha leiarforankring.
  • Det kan ikkje søkjast om midlar til forskingsprosjekt, utprøvande behandling, finansiering av ordinære oppgåver i verksemdene, eller til investering i utstyr.

  • ​Prosjektperioden er 2 år. Ubrukte midlar skal betalast tilbake og kan bare unnataksvis overførast til neste år etter særskilt grunngiven søknad til Helse Vest. Søknadar om overføring av midlar vil bli lagde fram for fagdirektørmøtet i Helse Vest, og må sendast til Helse Vest seinast november året etter tildeling.
  • Prosjektleiaren bør ha kunnskap om forbetringsarbeid. For dei som ikkje har slik kunnskap vil det bli tilbode regionale kurs i forbetringsarbeid.
  • Helseføretaka skal følgje opp prosjekta undervegs i perioden og ved behov tilby rettleiing i forbetringsmetodikk.
  • Det blir stilt krav til oppstartsmøte og midtveisevaluering for å sikre framdrift i prosjektet.
  • Kortfatta sluttrapportar inkludert rekneskapsrapport og skal leverast til Helse Vest samla frå kvart helseføretak/privat institusjon når prosjektet er avslutta (varierer frå år til år).

    Sluttrapportane skal kvalitetssikrast av helseføretaket før innsending til Helse Vest. Posterpresentasjonar på Regional kvalitets- og registerkonferanse vil bli etterspurde.


  • Søknaden skal skrivast i eige skjema
  • Det kan søkjast om maks 175 000 kroner per prosjekt. Det skal setjast av pengar til reisegodtgjersle, møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste for brukarmedverknad, inntil 25 000 kroner. Det vil bli vektlagd at forbetringsprosjektet er eit realistisk budsjett.
  • Helseføretaka skal sende inn søknadane samla og i prioritert rekkefølgje innan fristen.
  • Helseføretaka skal berre sende inn søknadar som dei stiller seg bak.


  • Fagdirektøren i Helse Vest innstiller søknadane for fagdirektørmøtet, som tildeler midlane.
  • I tildelinga vil Helse Vest ta utgangspunkt i prioriteringsrekkefølgja til helseføretaka.
  • Prioriteringane til helseføretaka kan bli endra i tildelinga ut i frå eit regionalt perspektiv.​

​​

 

Såkornmidlane blir tildelte på g​​runnlag av søknad til Helse Vest. Vi vil sjå på søknadene frå dei private, ideelle institusjonane samla og prioritere mellom prosjekta.

Det kan søkjast om midlar til alle typar forb​etringsprosjekt. Det er ikkje mogleg å søkje om forskingsmidlar og såkornmidlar for det same prosjektet.​

Ta kontakt med din lokale k​valitetsrådgivar for rettleiing i utfylling av søknadsskjemaet. Rådgivaren kan også gi deg søknadsskjemaet i Word-format.

  • 2022: 17 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2021: 19 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2020: 18 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2019: 28 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2018: 17 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2017: 16 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner​
  • 2016: 17 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2015: 21 prosjekt fekk tilsaman 3,1 millionar kroner
  • 2014: 24 prosjekt fekk til saman 3,6 millionar kroner
  • 2013: 25 prosjekt fekk til saman 3,5 millionar kroner
  • 2012: 33 prosjekt fekk til saman 4,3 millionar kroner
  • 2011: 36 prosjekt fekk til saman 4,5 millionar kroner
  • 2010: 30 prosjekt fekk til saman 3,5 millionar kroner
  • 2009: 29 prosjekt fekk til saman 3,6 millionar kroner
  • 2008: 28 prosjekt fekk til saman 3,1 millionar kroner
  • 2007: 17 prosjekt fekk til saman 2,0 millionar kroner

Last updated 12/4/2024