Noreg har høg førekomst av tjukk- og endetarmskreft samanlikna med mange europeiske land. Rundt 4500 personar får tarmkreft årleg og over 1600 personar døyr av sjukdommen. Prognosen blir mykje betre når sjukdommen blir oppdaga i ein tidleg, symptomfri fase. Vi har 95 prosent større sjanse for å overleve, dersom tarmkreft blir tidleg oppdaga, ifølgje tal frå Kreftregisteret.
Målet med screeninga er reduksjon i dødelegheit og helst også reduksjon i førekomst av tarmkreft. I programmet for tarmscreening får 55-åringar tilbod om analyse av ei avføringsprøve kvart andre år fram til dei fyller 65 år. Deltakarane tek prøva heime og sender ho til laboratoriet ved Akershus universitetssykehus for analyse. Dersom det blir påvist blod over ei viss mengd, vil deltakaren få tilbod om ei kikkertundersøking av tarmen (koloskopi). Det er planlagd ei gradvis innføring av koloskopi som primær screeningmetode.
Dersom 1000 personar leverer avføringsprøve, vil 65 få beskjed om at det er påvist blod i prøva og bli viste til koloskopi. Ved koloskopi vil truleg over halvparten få påvist polyppar som kan utvikle seg til kreft, og to vil få påvist tarmkreft.

Figur: Kreftregisteret
Sjukehusa sitt ansvar er å sikre koloskopi- og patologikapasiteten i regionen for å kunna møte det auka behovet.
Dei første invitasjonane blir sende ut til 55-åringar på Vestlandet i november. Tilbodet blir rulla gradvis ut til heile landet i løpet av det neste året.