Når hjernen ikkje er som før

Det var ikkje enkelt for ei travel småbarnsmor å få covid-19. Med tre små barn blei heile familien smitta våren 2021. Ho blei redd, både for barna og seg sjølv. Medan dei andre i familien blei friske ein etter ein, gløymde ho det meste. Enno slit ho med seinfølgjer. – Eg blir nok aldri heilt meg sjølv igjen, seier ho.

Gruppebilde av helsearbeidere på Lassa
Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Framfor frå venstre: Lege Birgitte Aurdal Heide, ergoterapeut Ingrid Thinn og fysioterapeut Guro Amundsen. Bak: Nevropsykolog Erlend Ronold  Foto: Lars Idar Waage, Hike

​Vinteren 2021 var ei ung trebarnsmor i 30-åra full av energi og hadde mange ballar i lufta. Ho var aktiv på jobb, organiserte og planla på jobb og heime, multitaska og fiksa. Heime hadde ho tre små barn. Dei gjekk i barnehage og skule og hadde alt dei trong av matpakke, regntøy, utedress, ull, fleece, støvlar, skulebøker og joggesko. I hovudet var hjernen alltid logga på. Den planla middagar, aktivitetar og bursdagar, hugsa alt for alle og administrerte heile familien.

Så kom våren.​

Den unge kvinna sit inne på eit møterom på Lassa, rehabiliteringsklinikken i Helse Stavanger som er ansvarleg for behandlingstilbodet til long covid-pasientar. Ho tenkjer tilbake på starten, då heile familien vart sjuke, ingen visste nokon ting, verda blei snudd opp ned og familien måtte halde seg i karantene i 21 dagar. Saman med mannen hadde ho ansvaret for dei tre små barna, og var livredd for barna sine og seg sjølv.

– Eg blei så redd av at legane visste så lite. Fortsett veit vi ikkje nok om sjukdommen, meiner ho.

Ny pasientgru​ppe

Kvinna i starten på 30-åra er ein av mange som kjem til Lassa for hjelp med long covid, eller post covid som det og kallast. Ho representerer ei stor gruppe nye pasientar med liknande bakgrunn. Kjenneteiknet for desse pasientane er at dei er yrkesaktive før dei blir sjuke, gjerne i alderen 30-50, og midt i den travlaste tida av livet. Når long covid først får tak, kan seinfølgjene vare i over eit år.

– Eg mista konsentrasjonen, gløymde ting og hadde mykje vondt i hovudet. No har eg gode og dårlege dagar. I dag er ein dårleg dag. Alt eg gjer kostar krefter, og eg må heile tida prioritere kva eg skal bruke energien min på, fortel ho. 

På ein dårleg dag syklar ho til barnehagen tre gonger. Då har ho gløymt regntøy, støvlar eller andre ting som barna treng. På ein god dag er ho heile dagen på jobb. I periodar slit ho med minnet sitt og hugsar ikkje alt lenger. Ho har konsentrasjonsvanskar, kan bli svimmel av ein lang samtale, har vanskar med å avgjere ting og klarar ikkje å tenke på meir enn ein ting om gangen. 

– Eg er jo betre. Men hjernen fungerer ikkje som før. Hjernetåke, heiter det. På mitt verste hadde eg vanskar med å finne ord. Eg gløymde så mykje, at eg måtte snu meg på sykkelen for å sjekka kor mange barn eg hadde i vogna. Eg hugsa ikkje om dei var med heim frå barnehagen eller ikkje. Eg gløymde til og med kor eg skulle blinka når eg køyrde bil. Koronaen har skada den viktigaste muskelen min, hjernen. Eg kan aldri organisera så mykje på jobb som eg gjorde før, og eg blir nok aldri heilt meg sjølv igjen.

Behandling​​​a på Lassa

Historia er ikkje unik. Heller ikkje sjeldan. Den siste tida har behandlarane ved Lassa rehabilitering fått fleire og fleire pasientar inn, som går ut med diagnosen long covid etter milde forlaup. Pasientane kjem via fastlegen, og eit tverrfagleg team kartlegg, diagnostiserer og tar stilling til behandlinga vidare.

Behandlinga er individuell og tilpassa kvar enkelt. Stadig oftare er symptoma diffuse og minner om ei rekke andre sjukdommar, som utmatting og utbrentheit. Symptombelastninga samsvarer ikkje alltid med grad av alvor ved sjukdommen. Gjennom god kartlegging kan behandlarane rekne med at symptoma kjem frå covid-19-viruset.

– Alle som blir tilvist til oss blir grundig kartlagt. Vidare ser vi på kva type behandling og rehabilitering dei treng. Det kan for eksempel handle om fatigue (trøttheit) eller vanskar med hukommelse, då får dei gjerne hjelp av ergoterapeut. Dei som slit med fysiske plager får oppfølging hos fysioterapeut. Nokon få får oppfølging hos ein av psykologane våre med fokus på meistring og psykoedukasjon, seier Birgitte Augdal Heide, lege ved Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering Lassa.

Birgitte Aurdal Heide, portrettbilde

Allmennlege Birgitte Aurdal Heide har ofte den første kartleggingssamtalen med pasientane. Foto: Lars Idar Waage, Hike

​Heimelekse og​ ​v​erktøy

– Vi snakkar konkret om korleis dei har det og utfordringane dei har i kvardagen. Vidare får dei heimelekse. Dei må skrive ned kva dei bruker tida på, kva aktivitetar dei gjer og kor mykje energi det krevst. Målet er at dei med kognitive vanskar skal få gode strategiar til å handtere kvardagen sin og lære når dei må bremse. Etterkvart kan dei trappe opp aktivitetane, men då er dei meir bevisste på eigen energi.

Den unge aldersgruppa gjer at mange har høge krav både heime og på jobb. Nokre har små barn som treng hjelp til mykje, andre har travle jobbar og nokre har begge deler.

– Dette er ei pasientgruppe som stiller høge krav til seg sjølv. Plutseleg orker dei ikkje det same lenger. Mange kjenner seg aleine i dette, då må vi informere og trygge dei. Vi fortel at vi har møtt mange i liknande situasjon, og at dei fleste blir friske. Og så jobbar vi med at dei skal skifte fokus frå å bruke energi på alt dei bør og må, til i staden fokusere på aktivitetar som gjer påfyll, seier lege Birgitte Augdal Heide.

Meir og meir tilbake

Det vanlege på Lassa er at pasientane har 1-3 konsultasjonar. Dei blir og sett opp på ein fjerde time ein månad seinare, men då er det fleire som ikkje lenger har behov.

​– Etterkvart kjem dei meir og meir i aktivitet og gradvis tilbake i jobb. Med rettleiing, strategiar og gode verktøy, ser vi at vi kan hjelpe mange.

Inne på møterommet på Lassa gler den unge kvinna seg over det ho får til i dag, ho er takksam for å ha ein sjef som legg til rette og forstår, og ein mann heime som er tolmodig. Små grep har gjort kvardagen litt betre.

– Når eg endeleg fekk hjelp på Lassa, har eg brukt tid saman med ergoterapeut. Ho har gitt meg ulike oppgåver for å sjå kva eg kan velgje vekk i kvardagen min. Eg må prioritere og vere merksam på meg sjølv. Eg veit at eg ikkje skal multitaske, eg skal skrive ned det eg må hugse og eg skal ha små post-it-lappar som minner meg på ting. No er eg ikkje redd lenger. Eg må berre minne meg sjølv på å ta ein dag om gongen!

​​