Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn

«Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn» er no etablert i alle sjukehus i helseregion Vest. Ordning skal sikre at alle pasientar får like rettar. Alle tilvisingar til psykisk helsevern blir no sendt til lokalt DPS, også tilvisingane som tidlegare blei sende direkte til avtalespesialist.

Publisert 31.10.2022
Sist oppdatert 04.03.2024
Kvinne foran skjermen, illustrasjonsbilde

Dei regionale helseføretaka, Legeforeininga og Psykologiforeningen har i nasjonale rammeavtalar avtalt at alle tilvisingar innan psykisk helsevern skal sendast til sjukehus. Denne ordninga blir kalla «Tilvising til psykisk helsevern – éin veg inn».

Pasientar som har ønske om spesifikk behandlingsstad, kan framleis be om dette.

Erfaringar så langt

Sjukehusa erfarer at i all hovudsak har innføringa av den nye ordninga gått greitt. Alle pasientar som no blir tilvist til psykisk helsevern, blir vurdert innan frist på 10 dagar. Ventetida har ikkje endra seg i vesentleg grad. 

 

​​