Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Den nye kvardagen: Eit år på godt og vondt

Korleis har medarbeidarar i sjukehus og føretak i Helse Vest opplevd dette siste året? Vi har laga ein serie filmar om korleis den nye kvardagen har treft dei som står midt i den.

Publisert 12.03.2021
Sist oppdatert 10.02.2023
En gruppe mennesker

Pandemien har følgd med oss alle sidan den torsdagen i mars 2020 då Noreg stengde ned. Og vi står framleis i han. Samfunnet og kvar enkelt av oss har blitt stilt på store prøver.

For medarbeidarane i sjukehusa og føretaka i Helse Vest har pandemien betydd endringar for alle. Både dei som står i direkte møte med covid-19 og alle dei som held drifta og tenesta i gang på andre område.

– Etter over eit år med pandemi ønskjer vi å gje ein honnør til alle dei som står midt i arbeidet med han. Alle dei som arbeider i helsetenesta. Dei som verkeleg kan gi stemme til det pandemien har ført med seg. Og vi gjer det i form av ein serie filmar som femner heile Helse Vest. Vi har lyst å få fram nokre av historiene frå året som har gått. Historier på godt og vondt, seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne.

Medarbeidarane våre om møtet med pandemien

Alle medarbeidarar i Helse Vest fekk i desember eit kort med motiv laga av den verdskjende kunstnaren Pøbel – som ei anerkjenning av innsatsen som var lagd ned så langt under pandemien. Knappe tre månader seinare og lenger ute i pandemien står fleire korte filmar med intervju av mange medarbeidarar i sjukehusa og føretaka for tur.

Det kjem ein ny film kvar veke, i seks veker. Hovudtemaet er korleis den nye kvardagen har vore – og framleis er. I løpet av dei møter vi rundt 40 medarbeidarar, fordelt på ulike sjukehus og føretak i regionen.

Sjå filmane på Helse Vest RHF - YouTube