logo Helse Vest

Fortsatt stor tiltru til sjukehusa i vest

Tiltrua til sjukehusa på Vestlandet held seg stabilt høgt, også under pandemien. Det viser ei fersk undersøking gjort av Respons Analyse.

Publisert 09.06.2021
Sist oppdatert 10.06.2021
Pasient i skranke blir mottatt av sykepleier

I undersøkinga, som tek for seg tidsrommet frå mai 2020 og eitt år fram, svarer dei spurde at dei har stor tiltru til at dei vil få den behandlinga dei treng, både om ein blir sjuk av covid-19 (snitt på 4,7 kor 5 er best), og om ein har behov for anna sjukehusbehandling (4,4). Svara vert gjeve på tvers av kjønn og alder og er så å seie på snittet med tala frå i fjor, som viste 4,6.

Les heile undersøkinga Spørsmåla er knytte til både åtferd og vurderingar. For vurderingsspørsmåla er det nytta ein 1-5 skala, der 1 er dårlegast og 5 er best. Innhaldet i skalaen varierer frå tilfredsheit til kor einig ein er i ulike utsegn.
Etter eit krevande år for både pasientar og tilsette, er det godt å sjå at tiltrua til sjukehusa framleis er så høg, og at vestlendingane kjenner seg ivaretatt både i forkant, undervegs og etter behandling.Inger Cathrine Bryne

– Etter eit krevande år for både pasientar og tilsette, er det godt å sjå at tiltrua til sjukehusa framleis er så høg, og at vestlendingane kjenner seg ivaretatt både i forkant, undervegs og etter behandling. Det vert lagt ned ein enorm innsats av alle som jobbar på sjukehusa. Deira kompetanse og evne til omstilling sørger for dei gode resultata, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

Best på behandling

Både pasientar og pårørande er godt nøgde med opplevinga dei har hatt med sjukehuset det siste året. Pasientane er aller mest nøgde med måten dei vart tatt vare på, (4,4) og pleia og behandlinga dei fekk. (4,5).

Litt lengre nede på skalaen, på 3,9, er snittet på kor nøgde pasientane er med opplevinga av ventetida på å få koma til behandling. At dette skårar dårlegare kan mellom anna skuldast at fleire konsultasjonar vart utsette ei tid på grunn av pandemien.

Pasientane har også svart på spørsmål om dei har nytta videokonsultasjon i behandlinga, korleis kontakten med sjukehuset har vore og om informasjonen frå sjukehuset har vore lett å forstå.​​

Kort om undersøkinga

​Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Helse Vest og tek utgangspunkt i tida frå 1. mai 2020 til 24.mai 2021.

2000 vestlendingar fordelt på Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde over 18 år har svart.



 ​