logo Helse Vest

Helse Vest RHF i grøn beredskap

Frå 9. november går Helse Vest RHF i grøn beredskap. Alle fire helseføretak i regionen – Helse Stavanger, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Bergen – er no i beredskap.

Publisert 09.11.2021
kvinnelig sykepleier i smittevernutstyr. foto.

Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen.

Årsaka er at fleire pasientar med covid-19 blir lagde inn på sjukehusa. I tillegg aukar talet på personar som får påvist korona. På same tid er fleire born innlagde på sjukehus med RS-virus.

– Det er allereie ei stor belasting på tenesta, og me er usikre på kor stor ho blir framover. For å vere godt førebudde, set vi grøn beredskap, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.​

​I tillegg er altså alle dei fire føretaka i Helse Vest ​no i beredskap.

Dette betyr dei ulike nivåa

Grøn beredskap er det lågaste nivået, og det som Helse Vest er i frå 9. november. Det betyr at det er ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Situasjonen krev auka merksemd. Det vil blant anna seie at Helse Vest tek opp att dei regionale beredskapsmøta ein gong i veka.

Gul beredskap vil seie at ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.

Når ein set raud beredskap, har ei alvorleg uønskt hending skjedd. Det er eit stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.

Meir informasjon på beredskapssida