Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Helse Vest ut av beredskap for pandemien

Helse Vest RHF går ut av beredskap knytt til pandemien frå fredag 11. juni 2021. Då har det regionale helseføretaket vore i beredskap sidan 12. mars 2020.

Publisert 11.06.2021
En statue foran en bygning

​– Helse Vest RHF har vore i beredskap sidan 12. mars 2020, og det er eit godt teikn at vi no kan ta ned ekstraordinære strukturar for beredskap. Det er få pasientar med covid-19 i sjukehusa i Helse Vest og situasjonen er nær normal drift, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

Også Helse Fonna HF, Helse Stavanger HF og Helse Førde HF vil gå ut av beredskap. Helse Bergen HF vil gjere ei vurdering av status tysdag 15. juni.

– Vi følgjer dei smitteverntiltaka og andre tiltak som gjeld for spesialisthelsetenesta også framover, men denne oppfølginga krev mindre ekstraordinære strukturar og vil bli følgd opp i dei ordinære leiarlinjene, seier Bryne.

Fortset opptrappinga av planlagd aktivitet

Helse Vest har vore i grøn beredskap dei siste månadane. Grøn beredskap er det lågaste beredskapsnivået, og gjeld i ein uavklart situasjon som krev auka merksemd. Det betyr at det har vore eit avgrensa behov for ekstra ressursar.

Fram til sommarferien vil det vere viktig å i størst mogleg grad ta opp att all ordinær aktivitet, sjølv om det fortsatt vil vere nokre tiltak som kan påverke ordinær drift. Medarbeidarane i sjukehusa gjer ein svært god innsats for å sikre god prioritering og god aktivitet også i skiftande beredskapsnivå.

– Vi vil følgje utviklinga nøye, og vi skal ha låg terskel for å gå inn i beredskap igjen, fortel Bryne.