Ingeborg Sævareid er nytt konsernhovudverneombod

– Då eg fekk meldinga om at dei konserntillitsvalde hadde valt meg som konsernhovudverneombod i Helse Vest blei eg glad, stolt og audmjuk. Dette er eit viktig verv der eg har ei unik moglegheit til å bidra til eit godt samarbeid. For å utvikle og forbetre eit arbeidsmiljø er vi avhengige av eit godt samarbeid med verneombod, leiinga, dei tillitsvalde og medarbeidarar, med respekt for dei ulike rollane.

Kvinne som snakker. Foto.
Foto: Helse Bergen (utsnitt frå film)

​Det fortel nytt konserhovudverneombod, Ingeborg Sævareid, då ho fekk meldinga frå valstyret nyleg. Sævareid tek over etter Leif Johnsen, som har sete i vervet som konserhovudverneombod i Helse Vest sidan 2008. Johnsen går over i anna stilling og Sævareid tek over så snart Johnsen fråtrer.

Kvinne, portrett. Foto.
Sævareid er intensivsjukepleiar og har arbeidd på Brannskadeavsnittet (BSA) i Helse Bergen i nesten 20 år. I 2010 blei ho valt som lokalt verneombud på BSA og deretter ble ho valt som hovudverneombod på Kirurgisk klinikk. Ho har vore føretakshovudverneombod i Helse Bergen frå 2013. I den perioden tok ho master innanfor HMS, organisasjonspsykologi og strategisk leiing.

– Det blir spennande og utfordrande arbeidsoppgåver framover. Eg vil samarbeide vidare med føretakshovudverneombuda, dei andre verneomboda og tillitsvalde i Helse Vest, seier Sævareid.

Les meir om konsernhovudverneombodet