Lik prioritering av vaksinar for helsepersonell
Vaksineringa mot korona er i gang på fleire hald landet over. Helsepersonell i verksemder som har avtale med Helse Vest vil bli prioritert på lik linje med personell i sjukehusa.
Sentrale helsemyndigheiter organiserer vaksinering av både befolkninga og helsepersonell. Vaksineringa av eldre, risikogrupper og helsepersonell er alt i gang, og vurdering av risiko og prioriteringar blir gjort heile tida.
Dynamisk strategi
Strategien frå myndigheitene er å vaksinere risikogrupper i befolkninga først, før helsepersonell står for tur. Avgrensa tilgang på vaksinar og ein dynamisk strategi for kven som skal vaksinerast gjer at planar for dei neste månadane blir laga fortløpande.
Dei regionale helseføretaka har så langt og samla fått 30 000 vaksinedosar til 15 000 helsepersonell som det er spesielt viktig å halde i teneste ved store smitteutbrot.
Les meir om korleis desse er fordelte i Helse Vest
Helseføretak og private stiller likt
Dersom det kjem fleire vaksinedosar til tilsette i spesialisthelsetenesta, vil desse bli fordelte etter ei nøye vurdering av funksjonen den tilsette har, og kor stor risikoen for smitte er.
Assisterande fagdirektør Ola Jøsendal i Helse Vest understrekar at vurderingane ikkje vil skilje mellom tilsette i føretaka og private verksemder som har avtale med Helse Vest.
– Det inneber at tilsette med same funksjonen og risiko vil få same prioritet. Logistikk og praktiske omsyn kan føre til at vaksineringa skjer på litt ulike tidspunkt, utan at det endrar prioriteringa. Det er ikkje teke noko avgjersle enno om korleis ei vaksinering av tilsette i private tenester vil skje. Truleg vil helseføretaka få ansvaret for dette, seier Jøsendal.
Helse Vest vil komme tilbake med meir informasjon når vidare planar for vaksinering av helsepersonell er klare.