Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

No finn du kunnskapsmodular om rus og  vald  på nett

Jobbar du som behandlar, miljøarbeidar, saksbehandlar i spesialisthelsetenesta eller i kommunen, er du midt i målgruppa!

Publisert 08.12.2021
Sist oppdatert 09.12.2021
Lege som skriver på et tastatur. Foto.

​Dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging RVTS og dei regionale kompetansesentra på rusfeltet KoRus  har på oppdrag frå Helsedirektoratet utarbeida eit program for auka kompetanse på rus- og valdsproblematikk. 

Jobbar du som behandlarar, miljøarbeidar, saksbehandlar i spesialisthelsetenesta eller i kommunen, er du midt i målgruppa.

– ​Programmet "Rus og vold" er laga av engasjerte tilsette i spesialisthelsetenesta. Dei sju modulane gir på ein effektiv måte ei veldig god innsikt i ulike problemstillingar som medarbeidarane våre ofte møter, fortel Ola Jøsendal, assisterande fagdirektør i Helse Vest.

​Programmet inneheld sju kunnskapsmodular: 

  • ​​Grunnmodul rus og vald 
  • Anabole androgene stereoid  
  • Basiskartlegging rus og vald  
  • Motiverande intervju i møte med valdsutsett eller - utøvar   
  • Integrert behandling rus og vald  
  • VR-basert simulering av integrert behandling rus og vald          
  • For leiarar: Nettressursar om implementering  

Tre av modulane er digitale og tilgjengelege på nett. Resten baserer seg på fysiske samlingar med klasseromsundervising eller digitale arbeidsmøte tilrettelagt av KoRus eller RVTS.

– Nettsida rusogvold.no er fin og oversiktleg, og gir veldig lett tilgang til kursmodulane. Stort enklare tilgang til oppdatert kunnskap er vanskeleg å finna! seier Jøsendal i Helse Vest.

​Er dette noko for di avdeling el​ler arbeidsplass?  

​Ta kontakt med RVTS Vest, Korus Bergen eller Korus Stavanger  

Delta på digital lansering og presentasjon av mo​dulane