Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Reiseråd og anbefalingar for sjukehustilsette

Her er felles anbefalingar for alle sjukehustilsette på Vestlandet, som gjeld frå 15. januar 2021.

Publisert 14.01.2021
Seterader i eit fly.

​På grunn av utviklinga av koronapandemien, har Utanriksdepartementet oppdatert det globale reiserådet. Dette gjeld til 1. mars.

– Utenriksdepartementet fraråder alle reiser som ikke er strengt nødvendige til alle land. Det er gjort unntak for land og regioner i Norden og land i EØS/Schengen-området som oppfyller Folkehelseinstituttets kriterier for lav smittespredning. Endringer i både smitteutbredelse og lokale restriksjoner kan endre seg raskt og gjør situasjonen uforutsigbar. Alle må tenke nøye igjennom nødvendigheten av å reise, melder regjeringen.no

Folkehelseinstituttet oppdaterer jamleg oversikta over korleis dei vurderer ulike land og område

Må du likevel ha ei heilt nødvendig reise til utlandet, ber vi deg avklare med leiaren din før du reiser. Hugs at du må teste deg når du kjem heim, og at testen må vere negativ før du kan starte på arbeid att.

Frå tidlegare gjeld desse råda:

  • All reiseaktivitet til land/område med låg smitterisiko, skjer på eige ansvar. Vi ber alle tilsette nøye vurderer både behovet for å reise og kva forholdsreglar ein bør ta når ein vel å reise til dei enkelte landa/områda.
  • Reiser til land/områda med høg smitterisiko («raude» land/område med karanteneplikt) er ikkje tilrådd. Dersom tilsette likevel meiner dei har viktige grunnar for å reise til slike land/område, ber vi om at reisa først blir drøfta med nærmaste leiar.
  • Dersom tilsette vel å reise til «raude» land/område med karanteneplikt, ber vi om at dei på førehand gjer greie for korleis karantenetida vil bli gjennomført, slik at plikter og ansvar i arbeidsforholdet ikkje blir ramma unødig.
  • Karantenetida skal primært planleggjast som ein del av feriefråværet. Dersom karantenetida ikkje inngår i det avtalte feriefråværet, må tilsette gå i karantene utan lønn (ulønna permisjon). Det er reiseråda på utreisetidspunktet som er avgjerande for dette, det vil seie at det gjeld reiser til «raude» land/ områder på utreisetidspunktet.
  • Om tilsette får luftvegssymptom etter ei reise (innanlands eller utanlands), skal dei testast for Sars-CoV-2 og halde seg heime til dei er symptomfrie. Det blir oppmoda til testing sjølv ved milde symptom eller vag mistanke om smitte.
  • Tilsette er bedne om å informere arbeidsgivar dersom dei har vore på reise i land som ikkje er omfatta av karanteneplikt («grøne» land/område) i løpet av dei siste 10 dagane før dei skal tilbake i jobb. Desse tilsette skal som hovudregel testast for Sars-CoV-2 før oppstart i jobb. Tilsette som blir testa, skal bruke munnbind eller unngå pasientnært arbeid inntil negativ test føreligg. Det er og aktuelt med fleire testar innanfor dei ti første dagane.